nyhende

Motgåande bil har akkurat passert og no er det plass til å unngå hol ved å køyra midt i vegen.
Motgåande bil har akkurat passert og no er det plass til å unngå hol ved å køyra midt i vegen.

Ikkje imponert av lovnad om utbetring: – Dei må gjera strakstiltak!

Fylket lovar no ei større utbetring med fresing og ny asfalt på Fv. 47-strekninga, men truleg først om fleire veker. – Dei må gjera strakstiltak og legga i hola først, reagerer Jan Borge Miland, eigar av steinbrotet i nærleiken.

Fleire har reagert på sosiale medium om strekninga mellom Tveit og Vigdarheim. Mange har delt sine erfaringar, og ein av dei er Jan Borge Miland. Han er frå nærområdet og eig steinbrotet som ligg i svingen.

Mange ulukker og lite handling

Miland har vore klar over den dårlege standen på strekninga i lang tid, og er oppgjeven over kva som har skjedd i løpet av den tida.

– Det har ikkje skjedd noko, seier han.

Miland var i samtale med Vegvesenet og kommunen mange år tilbake. Då tilbaud han fyllmasse frå steinbrotet sitt slik at dei kunne laga sykkel- og gangsti langs vegen. Ifølgje Miland fekk han svar i at gåande og syklande kunne ta omvegen rundt Tveit i staden for.

– Eg ringde Vegvesenet seinast for tre veker sidan grunna ei hending. Då fekk eg nesten ein BMW midt i trynet på strekninga. Den hadde låge hjul og ville unngå hola. Slikt har eg opplevd mange gonger, seier han.

Skulle vore fornya

Miland er ikkje overraska over mengd alvorlege og dødelege ulukker på strekninga. Sjølv fekk han i si tid flytta utkøyrselen frå Kvednaneset lenger bort, slik at den går ut i svingen.

– Då vert den meir oversiktleg. Før det var det fleire mindre ulukker, seier han.

– Kva skal til for at strekninga vert trygg?

– Vegen skulle ha vore fornya frå krysset mellom Vigdarheim til Tveit, seier Miland og følgjer opp med litt historie for å setja vegkvaliteten i perspektiv.

– Strekninga frå Haugesund til avkøyrselen til Vigdarheim, og strekninga frå Tveit til Sveio, er frå 1972. Der ser du vegstandarden, 1972. Og så ser du på strekninga i mellom, den er frå 50-åra, seier han.

Miland meiner det er litt utruleg at ikkje noko har vorte gjort, og at ikkje kommunen har jobba hardare med å få framgang. Same dag som saka om strekninga vart publisert kom kommunen med ei oppdatering.

Det kjem ny asfalt

– Vestland fylkeskommune stadfestar no at dei har bestilt utbetring av asfaltdekke ved Ekrene (450 kvadratmeter) og mellom Vigdarheim og Tveit (2.060 kvadratmeter). Her skal dei fresa ut felt og legga nytt dekke, seier ordførar André Mundal Haukås.

Fylkeskommunen håpar dette kjem på plass i juni, men det kan bli forseinking ut frå entreprenøren sin kapasitet.

– Me har i kommunikasjonen med fylkeskommunen lenge vore tydeleg på at Tveit-Kvednaneset ei kritisk strekning der det har vore mange og til dels svært alvorlege ulykker. At strekninga no blir utbetra er difor godt nytt, seier ordføraren.

– Kva med ny veg mellom Haugesund og Sveio? Kor ligg den i planane?

– Fagerland-Førland ligg inne i Haugalandspakken og skal lysast på anbod i haust, men Ekrene og Tveit-Kvendaneset er ikkje med på dette strekket.

– Kva skjer vidare på desse strekka?

– Det ligg pengar inne i Haugalandspakken til utbetring av Rophus-krysset. Der kjem det kulvert for å sikra kryssing av fylkesvegen, og byggestart er sett til til hausten. Kommunestyret har gitt tydeleg signal om at me vil prioritera annleis enn fylkeskommunen og setja omregulering av ny kryssløysing på Ekrene øvst. Så få me sjå korleis det går. Tveit-Kvednaneset er ikkje om fatta av denne potten, seier Mundal Haukås.

Ikkje imponert

Miland vert presentert med at Vestland fylkeskommune no lovar å utbetra strekninga. Det er han glad for, men reagerer på usikkerheita rundt når utbetringa skal koma, og kvifor dei har så god tid.

– Dei må tenka seg om å gjera strakstiltak, og legga i hola. Viss ikkje dei vil ha ei ny ulukke då? Det er bra dei skal fresa opp, men me kan ikkje venta på dei i to månadar, seier han.

For ukjende med tilstanden på vegen fryktar han det kan få alvorlege følgjer. Dei lokale er i det minste kjend med den farlege strekninga.

– For turistar på veg gjennom, til dømes på motorsykkel, kan det fort gå galt for, seier han.

Powered by Labrador CMS