nyhende
Tilsette brukte av velferdsmidlar for å kjøpa el-syklar
Med nye el-syklar kjem no tilsette og barn i Gjermundshaugen FUS barnehage seg miljøvenleg på lengre turar. Syklane er mellom anna finansiert av dei tilsette sine velferdsmidlar.
Buss og drosje må til når barnehagen skal på turar av ei viss lengde, som bading med førskulegruppa ein gong i veka. No tar dei el-syklane fatt og kan få med seg 12 barn i slengen. Det er nemleg plass til seks i kvar hengar.
Geir Ove Toft var den som lufta ideen først. Alle tilsette blei begeistra, men korleis skulle eit såpass stort innkjøp finansierast med eit trangt budsjett frå før? Sjølv med ein god pris kom dei to syklane på 112.000 kroner eks. moms.
El-syklar framfor velferdstiltak
– Det er ein fantastisk gjeng som jobbar her. Syklane er på initiativ frå dei tilsette finansiert av dei tilsette sine velferdsmidlar, samt driftskostnadar som leiker, aktivitetsmateriell og inventar. Mellom anna ein bonus me fekk frå FUS barnehagar på grunn av gode resultat i fjor, fortel dagleg leiar Sølvi Anette Linde Engedal.
El-syklar og hengarar tek litt plass, og Toft saman med Steffen Reiersen sett i gong med å rydda i garasjen. Det er også desse to som først fekk opplæring på el-syklane og no lærer opp dei andre tilsette. Alle som skal køyra el-syklane må også ha førarkort frå før.
Då Vestavind var innom hadde dei akkurat vore på sin første tur til Bjellandselva. Den tok lengre tid enn planlagt, så dei vart litt forseinka. Ikkje fordi sjølve sykkelturen tok lengre tid enn dei trudde, men tvert om.
– Me kom fram raskare enn me rekna med, og då fann me ut at me skulle ta ein tur rundt vatnet når me først var der. Og så hadde med det så kjekt at at me gløymde tida litt, fortel Reiersen.
Ryvarden neste?
Toppfarten til el-syklane er 15 km/t, så dei vart ikke så mykje for seine. Både farten og hjelpa ein får av el-motoren der det normalt ville vore tungt å trø med seks ungar som last, gjer at dei no kan koma seg på turar som før var for langt unna. Eller det måtte brukast bil.
– No kan me til dømes sykla til golfbanen og går tur der. Og så drøymer me om litt lengre turar etter kvart. For eksempel Ryvarden, seier Reiersen og Toft.