nyhende

ILLUSTRASJONSFOTO
ILLUSTRASJONSFOTO

Tilløp til brann ved Paddevegen

Publisert Sist oppdatert

Det var like før klokka 16 tysdag, at Haugaland Brann og redning IKS fekk melding om tilløp til grasbrann ved austre enden av Paddevegen, rundt 100 meter frå krysset ved Fjellstad.

I følgje vakthavande brannbefal i Sveio, Bjarne Hetlesæter, var det heldigvis berre snakk om ein liten brann som raskt blei sløkt.

Årsaka til brannen er ikkje kjent. Det var ein tilfeldig forbipasserande som oppdaga og melde frå at det brann.

Powered by Labrador CMS