nyhende
Tilbyr praktisk hjelp til eldre
Jiyan Abkahim, Mandy Gaya Ple-Sáid og Agathe Emberland har starta elevbedrift og tilbyr hjelp til eldre og andre som måtte ha bruk for praktiske tenester.
Som eksempel på oppgåver dei kan ta på seg, nemner jentene henting av post, handling eller turgåing med hund. Det siste stadfesta Agathe at ho har erfaring med, sidan ho har hund sjølv. Alle tre er innstilte på å ta andre småjobbar som det måtte vera behov for. Avgrensinga er at det helst må vera i eller i nærleiken av Sveio sentrum.
I sentrum
Jentene går i niande klasse på Sveio skule, der elevbedrift er valfag. Jiyan, Mandy og Agathe og dei andre valfagelevane skal driva verksemdene sine fram til sommarferien, og får sjølve dela eit eventuelt overskot av drifta.
Jentene har enno ikkje funne namn på bedrifta si. Dei har heller ikkje bestemt seg for ein timepris for arbeidet dei vil utføra.
Pris etter avtale
– Det må me avtala med oppdragsgjevarane frå jobb til jobb, seier dei.
Når det gjeld marknadsføring, har dei hengt opp plakat ved Coop Extra i Sveio sentrum – i tillegg til å fortelja om verksemda si til Vestavind.