nyhende

Til Haugesund med tradisjonsmat

Det var «alle mann på dekk» då Sveio Kystlag var med på Hamnedagane i Haugesund. Eit yrande folkeliv på kaien sverma innom kystlaget sitt telt for noko å bita i.

Publisert Sist oppdatert

To grillar, kaffikokar, vaffeljern, kjøleskap, ei diger gryte og mangfaldige timar med dugnad sørga for eit stort utval på standen. Med ting som kvalbiff, sild, fiskesuppe, nordlandskaker, hamburgar, pølser, vaflar og kaffi på menyen, skulle det vera noko for ein kvar smak. Sveio Kystlag har vore med på Hamnedagane meir enn 20 gonger, og det same har styremedlem Terje Lier.

– Det er ein del å pitla fram, innrømmer Lier med eit smil.

Utan «Nyfalken»

Kystlaget har slått opp eit stort partytelt og sett ut bord og stolar til gjestane. Hamnedagsveteran Lier skryt av atmosfæren på kaien, og skulle ønska dei hadde skøyta si «Nyfalken» på plass. Den ligg dessverre heime på Liereid.

– Torsdag var det for dårleg vêr, og etter det har eg rett og slett ikkje hatt tid, seier Lier, før han hiv seg over neste oppgåve som må ordnast.

Klargjeringa til årets sal på Indre kai starta allereie rundt påsketider. Mellom då og no har dei mellom anna baka meir enn 1.000 nordlandskaker på tradisjonsrikt vis. Dei ligg sirleg innpakka på disken og freistar forbipasserande. Mange frivillige står på i «byssa» slik at ingen må venta lenge før dei blir servert.

Sild og potet

Skudesnesbuen John Roger Midtun og Grethe Midtun har tatt med seg barnebarnet Isak Alfsen og hunden Charlie til Haugesund denne laurdagen og har funne seg eit bord hos Sveio Kystlag.

– Det såg innbydande ut her, også hadde dei både sild og pølse i brød, så det passa bra, seier John Roger, og gir pølsa til barnebarnet før han sjølv et sild og potet.

– Og så var det godt å kunna setta seg ned, supplerer Grethe.

– Ja, og sveibu er nesten som karmøybu det, veit du, spøker John Roger.

Godt sal

Til tross for utfordringar med straumen, noko Ruth Grethe Østebøvik Eriksen kan opplysa om at det er kvart år, blei det fiskesuppe i år også. Salet går godt under teltduken til Sveio Kystlag. Ein regnskur og to legg ingen dempar på stemninga.

– Me er stort sett heldige med vêret, men eitt år regna det så det slo inn under teltet. Då blei det spøka med at det var første gong dei hadde dampkokt kvalbiffen, humrar Østebøvik Eriksen.

Arne Kjell Øverland frå Haugesund og Per Sigurd Wathne frå Sveio har berre godt å seia om Sveio Kystlag og varene dei tilbyr. Denne gongen blei det ein vaffel med rømme og syltetøy, men Wathne kan anbefala nordlandskakene på det varmaste.

Powered by Labrador CMS