Gjer det enkelt - legg grønsakene rett på grillen, seier Iselin Sagen, ernæringsrådgivar i Opplysningskontoret for frukt og grønt.Foto: Opplysningskontoret for frukt og grønt / NPK
Tida er inne for å nyte sommarens første grønsaker
NPK: Nykål og salatar er på plass i butikkhyllene og vi kan byrje å gle oss til norsk blomkål, brokkoli, buntgulrot og fleire freistingar.
Om ikkje lenge kjem det norske grønsaker og bær til butikkane, skriv Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG) i ei pressemelding.
– Haustinga av både blomkål og brokkoli er i gang fleire stader. Dei første nypotetene er hausta på Sørlandet, og rundt jonsok kan vi forvente å finne meir av dei i butikkhyllene. Det same gjeld for jordbæra, seier Iselin Sagen, ernæringsrådgivar i OFG, i pressemeldinga.
Våren starta med mykje sol og klarvêr, det har gjort at grønsakene har fått ei ekstra god søtleik.
– I tillegg har det ikkje vore kraftige temperaturar å snakke om, det gjer at grønsakene bruker litt ekstra tid på å vekse, og det gir god smak.
Ernæringsrådgivaren fortel at det både er godt og lurt å la minst halve tallerkenen ha plass til dei første grønsakene og bæra i sommar.
– Felles for dei alle er at dei inneheld godt med fiber og viktige vitamin og mineral. Fiber bidreg til kjensla av å vere mett og til å stabilisere blodsukkeret. Mat som både held deg mett, og som stabiliserer blodsukkeret gjer det lettare å ete passe mengd mat, og ikkje for mykje. Et du mykje grønsaker blir det i tillegg litt mindre plass til det vi gjerne kan ete litt mindre av.