Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Tid for lyngbrenning i Ryvardsmarka: Planlegg å svi av 500-700 mål
Dei næraste dagane har Ryvardsmarka beitelag planar om lyngbrenning på eit 500-700 mål stort område på begge sider av vegen til Ryvarden.
Brenninga vil halda fram i fleire dagar, så lenge veret ligg til rette for det.
Merkbart for turgåarar
– Turgåarar vil merka dette godt i form av mykje røyk. Me har ikkje noko imot publikum, men vil ikkje ha uvedkomande ut i terrenget der brenninga pågår. Difor informerer me på førehand, slik me har plikt til, og vurderer også vakthald langs vegen, seier Torbjørn Larsen.
Han er leiar i Ryvardsmarka beitelag. Laget har fire medlemmer og disponerer eit utmarksområde på mellom 4.000 og 5.000 mål. Etter mange år med lyngbrenning er mesteparten av dette området svidd av ein gong. Når det er gjort, blir det oppfølging med såkalla restaureringsbrenning av mindre område kvart åttande eller tiande år.
Gir betre vinterbeite
– Me har lært av skottane. Dei brenn rett nok lyngen først og fremst for å sikra gode forhold for rypejakta. Me brenn for å ta vare på lyngheiane og sikra best mogleg vinterbeite til sauene våre, forklarar Larsen.
Dette året skal brenninga gå føre seg utover mot fyret. Veret som er meldt dei næraste dagane er ideelt med lite vind, men kanskje i kaldaste laget. Mykje rim på lyngen gjer at det kan bli litt vanskeleg å få fyr, forklarar Larsen.
Oppmodar fleire til å brenna
– Lyngbrenning for å sikra gode beiteforhold er ein del av kulturarven vår. Eg meiner dette skulle vore gjort andre stader i Sveio også, seier Larsen.
Han viser til at lyngbrenning også blir pratisert i nabokommunar som Haugesund, Karmøy og Bokn. Sjølv brukar han å brenna lyng på eige areal på Vandaskog også, og ser at det gir betre vinterbeite til dyra.
Larsen er deltidstilsett i Sveio brannvesen, og oppteken av tryggleik i samband med lyngbrenninga. Ryvardsmarka beitelag brukar å mobilisera åtte-ti personar til vakthald i samband med brenninga. Fleire unge er interesserte i å vera med på dette, fortel han.
– Det er lettast å få folk til å stilla opp i helgane, seier Larsen.