nyhende

Tibbersjefen: – Politikarane bidreg ikkje til varige løysingar

Å spare straum betyr ikkje at du må akseptere mindre komfort denne vinteren, understrekar Tibber-sjef Edgeir Vårdal Aksnes. Men viktigare: Å sponse straumrekningane våre, bidreg korkje til redusert forbruk eller energieffektivisering.

Publisert Sist oppdatert

– Frå eit forretningsperspektiv er det ganske bisart at politikarane har sponsa nordmenn sine straumrekningar med 30–40 milliardar, men ikkje bidrege til alternative investeringar som tek ned forbruket over tid. Kvifor deler dei ikkje heller ut gratis varmepumper og isolasjon? spør Edgeir Vårdal Aksnes (44) retorisk.

Han svarer sjølv:

– Kanskje fordi det å sponse straumrekninga til folk skaper meir merksemd? Somme trur nok også framleis at det å bruke mindre straum betyr det same som å få eit kjipare liv. Det er jo ikkje dét det er snakk om. Å investere i løysingar med smartare varmeinfrastruktur går ikkje ut over komforten.

Styring, ikkje straum

Det er ikkje akkurat rakettforsking at forbrukarar er opptekne av pris, og at seljaren som tek aller minst forteneste på ei vare, truleg vil få mange kundar. Nokon lukrativ forretningsmodell, framstår det derimot ikkje som.

Og likevel var det altså dette Edgeir Vårdal Aksnes satsa sparepengane og den faste jobben på: Å tilby kundane den til kvar tid billegaste straumen på marknaden, med eit maks påslag på to øre per kilowattime for å dekke lovpålagde avgifter og handelskostnader.

Så har då Aksnes heller aldri tenkt på Tibber som eit straumsalselskap. Den eigentlege forretningsideen, den Tibber har ambisjon om å omsette for 100 milliardar kroner på i dei neste to åra, handlar ikkje om kilowatt, men om teknologi:

Når kundane koplar seg til appen deira, kan Tibber automatisere og optimalisere straumforbruket hjå kvar av dei ein million europeiske brukarane ved å flytte forbruket til dei timane i døgnet der prisane er lågast. Fortenesta til selskapet ligg i sjølve abonnementsprisen på 39 kroner, og nettbutikksal av tekniske løysingar som bidreg til ytterlegare straumstyring.

Tvilsame metodar

At det vart straummarknaden Aksnes og medgründer Daniel Lindén satsa på, var på sett og vis tilfeldig – men også eit resultat av dei begge hadde jobba med å utvikle programvare i Enoro Group til straumselskap i fleire europeiske land. Som leiar av softwareselskapet hadde Aknes ikkje berre fått god innsikt i marknaden og sett kor dårleg selskapa utnytta teknologi. Han var også grundig lei av korleis dei opererte:

– Veldig mange straumselskap hadde forretningsmodellar basert på grådigheit og tvilsame salsmetodar, der dei lurte kundane inn i dyre og dårlege avtaler. Dei eigde ikkje teknologisk kompetanse, og dei fleste tilsette var seljarar, seier han, med dårleg skjult forakt.

På det same tidspunktet vaks digitale plattformer som Airbnb, Uber og Netflix fram. Utfordringa for dei to gründerane vart å kople den same teknologien til straummarknaden før nokon andre gjorde det.

– Eg er frykteleg lite interessert i straumsal. Vi ville skape eit produkt med reell bruksverdi og som vi ønskte oss sjølv. Timinga viste seg å vere eksepsjonelt god – og å kunne kople elbilen og varmepumpa på ein straumspareapp er jo også først mogleg no. I dag har vi 300 tilsette, seier han og smiler:

– Ikkje ein, einaste ein av dei er seljarar.

I fjor innførte Tibber førehandsfakturering til kundane, for å korte ned på antal dagar dei sjølv la ut for straumkjøp hjå Nord Pool. Det førte til massiv kritikk. I februar i år vart ordninga reversert. No er det kundane som bestemmer om dei vil betale for faktisk forbruk eller det estimerte beløpet på fakturaen, seier Edgeir Vårdal Aksnes.

Planlagt underskot

Rundt 70 av Tibber-staben jobbar i Noreg. Dei fleste av dei sit på hovudkontoret i Førde, medan resten er spreidd i Oslo, Stockholm, Berlin, Amsterdam og Helsinki. Selskapet har rett nok talt fleire hovud før. I sommar tok 50 tilsette i mot det som for dei fleste stod fram som eit svært overraskande tilbod om sluttpakke.

Aksnes sjølv avviser at slankinga av selskapet har samanheng med fjorårets underskot på minus 508,5 millionar kroner før skatt, og påpeiker at dei det same året auka omsetninga frå 2,9 til 8,3 milliardar kroner. Underskotet var til dels planlagt, og eit resultat av investeringar på halvannan milliard i Tyskland og Nederland og i nye produkt, seier han. Innteninga på dette vil først bli synleg seinare i år.

Han vedgår samstundes at den enkle tilgangen på rimeleg kapital gjorde at dei første åra ikkje brukte pengane like effektivt som dei burde. Med dagens informasjon ville dei truleg ha prioritert annleis.

– Må justera kursen raskt

– Eg skulle sjølvsagt sett at det ikkje var naudsynt å redusere staben, men verda såg plutseleg heilt annleis ut, og vi var nøydde til å justere kursen. For ja, tilbodet om sluttpakke er ein av dei tøffaste beskjedane eg nokon gong har levert, seier Aksnes, medan han fiklar med mobiltelefonen på bordet:

– Difor var det også viktig for meg at avgangane skulle vere frivillige. Eg er stolt av korleis dei tilsette tok det. Alle forstod at selskapet trengde anna kompetanse, og at det var prosjekt vi ikkje skulle gå vidare med. Det er jo ikkje berre kapitalmarknaden som har endra seg. Kunstig intelligens kom også i år, og har effektivisert mange stillingar. Lenge trudde eg at vi ville ha behov for mellom 100 og 200 nye tilsetjingar neste år. No viser det seg at vi ikkje treng nokon. Når verda endrar seg, må ein også justere kursen raskt.

Landbruksfilosofi

Midt oppi alt vedgår Aksnes at han faktisk likar dei nye rammevilkåra. Høgare rente fordrar fornuftig pengebruk og ekstra tydelege prioriteringar. Det er som skapt for ein sindig vestlending, som trakka barneskorne på Aksnes i Vik i Sogn:

– Det er betre å bygge opp ting gradvis, når ein har sett kva som fungerer og korleis ein kan utnytte ressursane optimalt på prosjekt som verkeleg betyr noko. Heile forretningsverda har sett det same og stramma inn no.

– Dei seier jo at du skal overlate garden til neste generasjon i ein betre forfatning enn det den var då du fekk den. Det gjer du kanskje ikkje om du har tilgang på endelause ressursar, og kjøper 100 dyr sjølv om du berre har beite til 20.

Slåttehjelp og frukthaustar

Han gliser. Sjølv om han vaks opp i byggjefelt med foreldre som jobba i kommunen og har ein master i informatikk og entreprenørskap frå NTNU, har han også ei fortid som slåttehjelp og frukthaustar på småbruket hjå bestefaren.

Det er likevel ikkje nostalgi som gjer at han har valt å styre eit nordeuropeisk vekstselskap frå Førde.

– Eg har fått spørsmål om lokasjonen hundrevis av gonger, og det baserer seg på ei antaking om at alt må vere i Oslo. For meg har det aldri vore eit poeng å bygge opp eit selskap i Førde. Men då vi starta fanst det ikkje meir kompetanse i Oslo. Kapitalmarknaden har dessutan lenge vore ti gonger større i Stockholm. Hovudkontoret er i Førde fordi alle analysar seier det er fornuftig. Med det sagt, bur eg like mykje i Stockholm og Berlin.

Straumprisane kan vere 80 prosent lågare på enkelte tidspunkt på dagen, og om ein brukar straumen smart, er det mogleg å tene pengar. Hjå Tibber-kundane har dei sett eit fall i forbruk på mellom 5 og 20 prosent, fortel Edgeir Vårdal Aksnes.

Lynopplæring

Du visste kanskje at straum til oppvarming og varmtvatn ugjer heile 70 prosent av energiforbruket vårt? Eller at svenskane brukar 60 prosent mindre straum til oppvarming enn det me gjer – fordi dei var tidleg ute med varmepumper og vannboren varme?

Straumkrisa har i alle fall ført til ei viss lynopplæring om straum og straumbruk hjå mange nordmenn. Fleire veit at straumprisane kan vere 80 prosent lågare på enkelte tidspunkt på dagen og at ein faktisk kan tene pengar dei timane ein brukar straum om ein brukar han smart. Samstundes er det mange som framleis ikkje veit kva for straumavtale dei faktisk har, og at straumprisane kan variere inntil 24 gonger i døgnet.

At nordmenn er seint ute med å ta i bruk vassboren varme og solceller, kjem likevel ikkje av at vi er lite framoverlente, forsikrar Aksnes. Fram til i fjor hadde vi berre hatt så mykje rimeleg straum at vi aldri har sett poenget med å spare. Det har endra seg no.

Generasjonsskifte

I snitt byter 20 prosent av oss straumleverandør kvart år. Nordmenn er blant dei som er raskast med å skifte. Aksnes meiner likevel dei 80–90 prosentane av oss som har spotprisavtale har mykje å tene på å forstå korleis ein kan utnytte spotprisen endå betre.

– Vi er klar over at det finst ei generasjonskløft når det gjeld å ta i bruk ny teknologi. Det er difor vi heile tida har hatt eit ekstremt fokus på å gjere løysingane våre så enkle at absolutt alle kan bruke dei.

– Fleire av tekløysingane kostar også pengar. Går vinninga til slutt opp i spinninga for forbrukarane?

– Nei. Du treng jo ikkje kjøpe noko. Har du elbil, koplar du den berre inn i appen og gir beskjed om når den må vere ferdig lada, og så syt appen for å lade når straumen er billegast. Nye duppedittar kjøper du først når det gamle må skiftast ut. Og den investeringa hadde du jo uansett gjort.

Batteriboom i Berlin

Interessa for den smarte elbil-ladinga har vore massiv. Denne vinteren kjem det også ei stor oppgradering – først i Sverige, og deretter her heime. I resten av Europa har eit nytt husbatteri som først blir levert neste år allereie teke marknaden med storm. Batteriet koplast på solcellene og lagrar solcellestraumen du ikkje brukar. Det har mellom anna ført til at Tibber har tidobla talet på brukarar i Tyskland. I dag er dei det leiande smarte straumsalselskapet i Noreg og Sverige. Ambisjonen er 10 millionar brukarar i Europa.

– I Tyskland blir det installert husbatteri mellom 50 og 80 prosent av gongene det blir montert nye solcellepanel. Første veka etter at vi lanserte batteriet vårt i mai, selde vi batteriløysingar for 200 millionar kroner.

Tapt moglegheit

Der altså stadig fleire forbrukarar ser ut til innrette seg etter ei framtid med avgrensa tilgang på straum, er ikkje Aksnes like imponert over dei norske styresmaktene.

Han meiner politikarane har brukt masse tid på å klage på høge straumprisar, finne syndebukkar hjå straumsalselskapa og kravd auke i straumproduksjonen – utan å ha noko i nærleiken av same fokus på energieffektivisering og å få ned forbruket. Han hevdar også at ordningane og tilskota frå Enova vart dårlegare gjennom straumkrisa:

– Vi som selskap jobbar kontinuerleg for å kompensere og bidra med løysingar som er lett tilgjengelege for folk, men vi kan ikkje nå alle. Her må også styresmaktene på banen.

Edgeir Vårdal Aksnes er nemleg like sikker på at straumprisane kjem til å fortsette med å svinge kraftig denne vinteren, som han er på at forbruket til folk heng saman med pris. I Sør-Noreg, som hadde dei høgaste straumprisane det siste året, har forbruket gått ned. Men i Nord-Noreg, der straumen har vore billegare, har forbruket gått opp.

Permanent energiunderskot

Billeg og berekraftig heng med andre ord ikkje saman:

– Ser vi nokre år fram, vil vi ha eit permanent energiunderskot om vi ikkje løyser krisa ved å satse på løysingar som tek ned forbruket over tid. Per i dag er det ingen statlege tiltak som er seriøse eller store nok – tiltaka som finst er berre småtteri i høve til kva som trengst.

– Det meiner eg faktisk er ei tapt moglegheit for Noreg som nasjon.

Powered by Labrador CMS