Etter september med berre to drepne i trafikken, var det i oktober ti som omkom på norske vegar. Det er så langt 80 personar som har mista livet på norske vegar i år. Det er seks færre enn på same tid i fjor.
– Tala så langt i år er dei lågaste sidan dei første åra etter andre verdskrig. Sjølv i 2016, året med færrast drepne i trafikken i Noreg sidan 1947, hadde me to fleire enn me har hittil i år, seier leiar for Trafikksikkerhet i Statens vegvesen Guro Ranes. Ho minner likevel om at ein kvar drepne i trafikken er éin for mange, og at det dessutan framleis er mange alvorlege ulukker der dei involverte blir hardt skada.