nyhende

Dagens påske-enquete

Thor Kinn og Lillian Rommetveit

Thor Kinn er styreleiar i både Haukås bensinstasjon AS, Haukås Dekk & Fritid AS og Haukås Holdning AS. Lillian Rommetveit er dagleg leiar i Sveio IL. Er bonde og trenar og konkurrer med gjetarhundar.

Publisert Sist oppdatert

Thor Kinn

Thor Kinn utanfor stasjonen på Haukås.

Beste påskemat og påskesnop?
– Min favorittpåskemat må vera lammelår og gjerne litt grilling. Når det kjem til snop så er det nok lakris som er favoritten.

Beste påskeminne?
– Det må vera kos hos naustnaboene ein sein påske her på Rød.

Hva må/pleier du å gjera i påsken?
– Då må eg gå turorientering og lesa ei krimbok.

Lillian Rommetveit

Lillian Rommentveit.

Beste påskemat og påskesnop?
– Påskemat må bli lammelår. Det har blitt ein tradisjon hos oss. Har ingen spesiell favoritt når det gjeld påskesnop, men kanskje sjokoladebomber.

Beste påskeminne?
– Det beste påskeminnet er lembinga – når sauene får lam.

Kva må/pleier du å gjera i påsken?
– I påsken tar eg imot lam. Det er det påsken handlar om for meg som bonde, og det har eg gjort dei siste 20 åra.

Powered by Labrador CMS