nyhende

Tettpakka program på grøn resept

I fjor vart det nok ein gong sett rekord med over 800 deltakar på Sveio turlag sine turar. Årets vårsesong byr på rekord allereie før den har starta.

Publisert Sist oppdatert

Frå 11. mars til 17. juni har Sveio turlag ikkje mindre enn 16 arrangement. Det er to-tre fleire enn vanleg.

Folkehelse på alle plan

– Me klarte rett og slett ikkje å ta vekk nokre av turforslaga under pIanleginga, fortel turlagsleiar Arild Wiersen, som røper at dei har eit håret mål om å nå 1.000 deltakarar totalt i år. Turlaget auka også medlemstalet frå 100 til 120 i løpet av fjoråret.

– Kva trur du er årsaka til suksessen?

– Variasjon i turane, og så må ein ikkje vera medlem for å delta. Me ser stadig nye ansikt, spesielt på dei lettare turane. Og så er det veldig sosialt. Det er mange som sit aleine. På tur med oss kjem dei i eit fellesskap. Praten går, og eg synest det er heilt fantastisk å høyra dei glade stemmene. Dette er eit folkehelsetiltak på alle plan, seier Wiersen.

Godt organisert

Eit anna punkt er at turane er godt organiserte. Både opplegget undervegs, men også korleis ein skal koma seg til utgangspunktet for turane.

– Plass til å parkera er ikkje alltid det enklaste å finna. Då har me til dømes oppmøteplass ein annan stad og felleskøyring til startpunktet for å unngå parkeringskaos. Me oppfordrar også folk til å køyra saman til turane. Eg brukar å ha med meg to-tre personar, seier Wiersen.

Turane går tysdagar og søndagar. Tysdagane med turar som ein rekk å gå før det blir mørkt. Søndagane er det ofte litt lengre turar, og nokre av dei kan vera ganske kjevjande og passar ikkje for alle.

Turane går uansett vêr. Då 19 vaksne tyrsdag 27. august 2024 gjekk til Litlaskogfjellet i Tysvær, opna alle himmelen sine sluser seg ved turstart, og lukka seg som avtala då dei rasta i ly for vinden.

Grøn resept vår 2025

Tysdag 11. mars er årets første vandring: «Sveio Golfpark på langs» og opp til eit høgdepunkt der ein får godt utsyn i nordaustleg retning.

Søndag 16. mars møter ein på parkeringsplassen ved Saltveit skule, nord i Haugesund. Derfrå vert det felleskøyring til Skokland, der turen til Nuten og dagsturhytta «Nuten» startar.

Søndag 23. mars møter ein på Haukås bussterminal for felleskøyring til Nesevegen 241. Solveig Fosse er lokal vegvisar på ein 2,5-3 timars rundtur mot Nesevatnet og over brua til Mekjeland. Heimturen går via Vågavegen, Urhaugtunet og gjennom utmarka til grillhytta på Våga. Turlaget ber om at ingen tek med hund.

Tysdag 25. mars vert det felleskøyring frå Haraldsplass. Derfrå køyrer ein til opplagsplass for tømmer ved Vassli. Brit Karin Bruvik tek turfølget med på ein 1,5-2 timars rundtur på skogsveg og sti i lett kupert terreng mellom anna langs Vasslivatnet og ned til Breivika.

Tysdag 1. april går turen frå Dyngjo til Skorpeneset. Det vert felleskøyring frå Haukås bussterminal til Dyngjevegen 131. Om lag 1,5 timars tur på traktorveg og sti i lett kupert terreng til Skorpeneset.

Søndag 6. april tek Svein Magne Vikse turfølget med på ein 3-3,5 timars middels lett tur i kupert terreng frå Fantahytta til Digranesvarden og Krokane. Turstart frå p-plass ved Gullvegen, Nordre Vikse.

Søndag 27. april køyrer ein i lag frå p-plass ved Holsvika friluftsområde til tømmerplass ved Bjørgavegen. Ingvar Nymark tek turfølget med til Bjørganipen, Sildanipen og Olastemmen, ein 3-3,5 timars middels krevjande rundtur på skogsveg og sti.

Tysdag 29. april vert det ei vandring frå Eikeland kapell til Mjuko og vidare til Nipaståvo. På heimveg følgjer ein «Nipastien» nesten til øvre Tvillingtjørn, og deretter ein tursti mot aust for å koma attende til Eikeland kapell.

Opplevingstur til Espevær søndag 2. juni 2024. Etter ei vandring til Håvåsen (35 m.o.h.!) tok dei fleste av turfølget på i alt 50 store og små kabelferga over til Baadeholmen der mellom andre Olga Marie Bie sytte for ein deilig lunsj.

Tysdag 6. mai tek Ingebjørg Haga turfølget med frå Tjernagel bedehus, vidare i lett kupert terreng til Amerikasteinen på Tjernagel.

Søndag 11. mai køyrer turfølget i lag frå Haukås bussterminal til Shell Knapphus der Jon Olav Velde ventar. Ein parkerer og startar turen i tunet til familien Haslemo i Aurdal i Vindafjord. Derfrå går turen til Steinslandsnuten, ein om lag 4 timars middels krevjande tur på traktorveg og sti.

Tysdag 13. mai køyrer ein Paddevegen forbi bustadfeltet Fjellstad. Før «bommen» tek ein til høgre og parkerer, går i retning vasstanken, men tek til venstre for å koma på merka og umerka sti som går rundt Sandvatnet vest for Åsetjørna. På heimturen går turen via Rossafjellet og vasstanken.

Søndag 25. mai vert det «Rundtur Dåfjorden» i Stord kommune med felleskøyring frå Haukås bussterminal. Jonas Eldøy tar turfølget med på ein 2,5-3 timar og 7,5 km lang rundtur på sti og skogsveg i middels lett kupert terreng.

Søndag 1. juni tidleg morgon er det felleskøyring frå Haukås bussterminal til Utbjoa fergekai via Vikebygd. Turmålet er Borgundnuten på Borgundøy (Fjelberg), Kvinnherad kommune. Turen er 2,5-3 timar lang tur tidvis noko bratt sti.

Tysdag 3. juni møter ein for parkering og turstart ved Nesheim/Sletto, ved Gullvegen i Sveio kommune til 1,5-2 timars tur på ny og merka tursti i lett kupert terreng på vestsida av Festningsanlegget.

Søndag 15. juni er det felleskøyring frå Haukås bussterminal til Gurigjerde i Tysvær. Lokal kjentmann Trond Omnes tar turfølget med på ein rundtur med turstart frå Gurigjerde, vidare til Dalvanuten, Skrubburdnuten, Rossafjell, Stølanuten, Himakånå og til Gurigjerde. Om lag 5 timars noko krevjande vandring.

Tysdag 17. juni arrangerer turlaget sesongavslutning med grillkos». I år blir det på Grunnavåg. Parkering ved avkøyrsla til byggefeltet Kvitanes, Buavåg. Turlaget spanderer noko grillmat, og leiar Arild Wiersen stiller med quiz. Arrangementet er gratis.

Søndag 8. september 2024 tok lokal kjentmann Kjell Vespestad deltakarane med frå Løvegapet til Dyrnes fyr på Bømlo. I eit heilt spesielt vêr der ein kunne setta seg på berg og i lyng ute ved havgapet i kortbukse og T-skjorte ein haustdag i september.
Powered by Labrador CMS