nyhende

Terapihunden Tango deltar i behandling av pasientane. Han kan bidra med ro, meistring, kos og nærvær. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna
Terapihunden Tango deltar i behandling av pasientane. Han kan bidra med ro, meistring, kos og nærvær.

Terapihunden Tango frå Sveio får pasientane til å lyse opp

Når uniformen er på er Tango på jobb. Storpuddelen frå Sveio deltar i behandling av pasientar innan alderspsykiatri og rus.

Publisert Sist oppdatert

–  Eg får jo nokre rare blikk når eg går gjennom gangane på sjukehuset med ein svær, svart hund, seier vernepleiar Synnøve Bremer Skarpenes, som er frå Røykenes i Sveio, til Helse Fonna sin eigen nettstad.

Det er ho som eig, trenar og jobbar med storpuddelen.

Tango er ikkje en besøkshund, men ein sertifisert terapihund, og Synnøve har utdanning innan dyreassisterte intervensjonar med hund frå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet, NMBU.

Ikkje forstyrr ein hund i arbeid

– Tango har vore med meg på jobb sidan han var ni veker. Folk på alderspsykiatrisk post og avrusingsposten kjenner oss godt, for no er Tango fem år.

Tango jobbar i klinikk for psykisk helsevern og møter pasientar innan rus og alderspsykiatri. Her saman med eigar Synnøve Bremer Skarpenes

Nyleg har Synnøve bytta kontor. Ho og Tango må derfor passere gjennom resepsjonen ved hovudinngangen på Haugesund sjukehus og møter mange nysgjerrige på sin veg.

– Det er fint at folk er positive til Tango, men han skal helst ikkje forstyrrast når han jobbar, seier Synnøve.

For Tango er ein hund etter jobb. Frå han var valp har han blitt trena til å møte og handtere alle typar menneske og situasjonar. Han skal halde seg roleg og tole både tilbaketrekte og utagerande pasientar. Då han var tre år blei han sertifisert som terapihund.

– Det eg og Tango driv med heiter dyreassistert terapi. Det krev at eg har nødvendig utdanning på universitetsnivå og at aktiviteten er ein integrert del av ein behandlingsprosess. Den skal vere tidsavgrensa, den skal dokumenterast og den skal evaluerast, seier Bremer Skarpenes.

Det er i fleire samanhengar dokumentert at dyr kan ha positive effektar på menneske både psykisk og fysiologisk. I dyreassistert terapi blir dette brukt systematisk. Målet kan vere at pasienten skal oppleve meir ro, redusert stress, auka mestringskjensle eller fremme sosial interaksjon.

Synnøve Bremer Skarpenes hadde lang erfaring med terapihundar då ho fekk jobb i Helse Fonna i 2015. Det tok ikkje lang tid før ho fekk klarsignal til å starte opptrening av ein terapihund som skulle vere eit supplement til den ordinære behandlinga. Synnøve skryt av leiarane i klinikk for psykisk helsevern og rus som har vore så opne for nye tankar.

Når vesten er på, veit Tango at han er på jobb. Då utfører han oppgåvene som eigar og trenar Synnøve Skarpenes har lært han.

– Eg blei positivt overraska over at det var så enkelt å kome i gang. Terapidyr er ikkje vanleg i det offentlege helsevesenet, og eg hadde trudd at eg måtte jobbe lenge for å få dette til.

Tango blei den første sertifiserte terapihunden i eit norsk sjukehus. No har Helse Fonna i tillegg til Tango ein terapihund ved BUP Haugesund.

Samver, tid og relasjonar

Dåverande leiar ved alderspsykiatrisk post, Turid Mattson, var positiv frå starten:

– Eg hadde høyrt ein del om terapihundar, og visste at det var bra særleg for vår pasientgruppe. Dei er gjerne urolege og forvirra. Hunden gjer at dei roar seg og får kost masse. Det blei enno kjekkare enn vi trudde på førehand, både for pasientar og vi som jobbar her. Vi er opne for forskingsbaserte terapiar, og effekten av dyreassistert intevensjon er veldokumentert. Når det gjeld vår pasientgruppe, er det ikkje alltid medisinar som fører fram. Det er samver, tid og relasjonar. Der passar Tango veldig godt inn, seier ho.

Pasientane set pris på tilbodet.

— Min dag vart redda av Tango. Eg var depressiv den dagen, og så kom han bort til meg og tok vekk alt stress og negativitet og sug etter medisinar. Han forandrar miljøet på posten, så eg gler meg til å møte han igjen, fortel ein av pasientane.

— Pasientane lyser opp

Slik beskriv Synnøve Bremer Skarpenes korleis det er å jobbe med Tango.

— Når eg kjem inn i ein sengepost, ser eg først og fremst den umiddelbare effekten Tango har på pasientane. Dei lyser opp og ønskjer kontakt med hunden, fortel ho.

Tango blir fort eit samtaleemne som dei fleste pasientane kan seie noko om.

—Til dømes blir ofte pelsens hans kommentert, at han har så fine krøllar, fortel ho.

Det at hunden er roleg gjer at urolege pasientar roar sjølv roer seg litt ned.

— Eg får ofte høyre frå personalet i etterkant at Tango var eit positivt samtaleemne lenge etter at vi har gått frå avdelinga, fortel ho.

Grunna koronasituasjonen var ikkje Tango på jobb frå mars 2020, men har vore etterspurd av behandlarar, avdelingsleiarar og kollegaer.

— 1. desember kunne eg endeleg ta med Tango på jobb igjen. No ser vi fram til å halde fram med den gode jobben han gjer, seier ho til nettstaden.

Powered by Labrador CMS