nyhende

Birgitte Tengs foreldre, Karin og Torger Tengs, saman med bistandsadvokat John Christian Elden (t.h) i rettssaka mot 52-åringen som er tiltalt for å ha drepe 17 år gamle Birgitte Tengs i mai 1995. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Birgitte Tengs foreldre, Karin og Torger Tengs, saman med bistandsadvokat John Christian Elden (t.h) i rettssaka mot 52-åringen som er tiltalt for å ha drepe 17 år gamle Birgitte Tengs i mai 1995.

Tengs-tiltalt nektar straffskuld for drap

52-åringen som er tiltalt for drapet på Birgitte Tengs i 1995, nekta straffskuld då rettssaka starta i Haugesund.

Publisert Sist oppdatert
Den åtte veker lange rettssaka starta i Haugaland og Sunnhordland tingrett måndag. Meir enn 27 år etter at drapet skjedde på Karmøy, meiner påtalemakta no at dei kan føre sikre bevis for at det verkeleg er gjerningsmannen som sit på tiltalebenken.

Då tiltalen vart lesen opp for 52-åringen i ein fullsett rettssal, nekta han straffskuld.

– Ikkje skuldig, svarte han då tingrettsdommar Arne Vikse spurde 52-åringen om han erkjende straffskuld for drapet.

Vendt mot dommaren

Iført grå hettegenser og turbukser sit 52-åringen ved sida av forsvararane sine inne i retten. Litt tilbaketrekt frå bordkanten er han vend mot dommarane framme i salen.

På motsett side sit foreldra til Birgitte Tengs saman med bistandsadvokatane sine. Også dei følgjer merksamt med kva som skjer hos dommarane i saka.

Rettssaka handlar om marerittet til foreldre, poengterte aktor Nina Grande i innleiinga si.

Arrestert i fjor haust

Den 52 år gamle mannen vart arrestert i fjor haust og har sete i varetekt sidan. Han har konsekvent nekta straffskuld under etterforskinga og har stilt seg uforståande til at etterforskarane har funne DNA frå han på strømpebuksa til Birgitte Tengs.

Kombinert med andre funn frå den nye etterforskinga har dette vore det tyngste enkeltfunnet og som har leidd til at den gamle drapssaka no kan sjå slutten.

Statsadvokatane Nina Grande og Thale Thomseth utgjer aktoratet i saka, men den tiltalte blir forsvart av advokatane Stian Kristensen og Stian Trones Bråstein. Advokat Erik Lea og kollegaen hans John Christian Elden følgjer også saka som bistandsadvokatar for Birgitte Tengs foreldre.

Advokat Stian Kristensen og advokat Stian Bråstein (t.v.) som er forsvararar for mannen som er tiltalt for å ha drepe 17 år gamle Birgitte Tengs i mai 1995 då dei kom til Haugland og Sunnhordland tingrett måndag morgon.
Aktor, statsadvokat Nina Grande då ho kom til Haugaland og Sunnhordland tingrett måndag i saka mot mannen som er tiltalt for å ha drepe 17 år gamle Birgitte Tengs i mai 1995.
Powered by Labrador CMS