nyhende

Minnesteinen på staden der Birgitte Tengs vart funnen drepen på Karmøy i mai 1995. Arkivfoto: Aleksander Nordahl / NTB / NPK
Minnesteinen på staden der Birgitte Tengs vart funnen drepen på Karmøy i mai 1995.

Tengs-saka er oversend Riksadvokaten

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Statsadvokaten har sendt innstillinga si i Birgitte Tengs-saka til Riksadvokaten, skriv Dagbladet.

– Saka ligg no på bordet til Riksadvokaten, og vi ventar på ei avgjerd derifrå, seier advokat Stian Kristensen til avisa.

Han er forsvarar til mannen i 50-åra som sidan september i fjor har vore sikta for drapet på Birgitte Tengs i 1995.

Riksadvokaten skal ha fått tilsendt innstillinga til statsadvokaten for omkring ei veke sidan, skriv Dagbladet. Kor lang tid han vil bruke på å komme med konklusjonen sin, er uvisst.

– Vi førebur oss no med utgangspunkt i at det kjem ein tiltale. Det er vi nøydde til å gjere, same kva resultatet blir til slutt, seier Kristensen til avisa.

Tysdag blir gjennomført eit nytt fengslingsmøte for mannen. Det går som kontorforretning. Forsvarar Stian Kristensen opplyste i helga til NTB at klienten hans vil, som i tidlegare rettsmøte, krevje seg lauslaten.

Drapssaka er dagsett til å starte i Haugaland og Sunnhordland tingrett 31. oktober eller 14. november. Mannen er også sikta for drapet på Tina Jørgensen i Stavanger i 2000.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS