nyhende
Tenåringar tende på bak Vigdartun
Brannvesen og politi rykka måndag ettermiddag ut til ein grasbrann på høgdedraget bak Vigdartun.
Rask utrykning og gunstig vindretning medverka til at brannen blei sløkt etter kort tid, fortel utrykningsleiar ved Sveio brannstasjon Silje Therese Kvalvågnes.
Ho anslår at eit område på storleik som eit par bustadtomter blei avsvidd.
Ny brannmelding
– Brannen blei meldt rundt klokka 18.00, på eit tidspunkt med mykje aktivitetet i og rundt Vigdartun. Det samla seg difor raskt mykje folk som var tilskodarar til sløkkingsarbeidet, fortel Kvalvågnes.
Dette skapte litt trafikkutfordringar då brannvesenen midt oppe i sløkkingsarbeidet fekk endå ei brannmelding, denne gongen frå ein av omsorgsbustadene i Løkjavegen.
– Til all lukke viste dette seg å vera falsk alarm, seier Kvalvågnes.
Angrande syndar melde seg
Vitne til brannen ved Vigdartun forklarte tidleg til politiet at dei hadde sett barn i området.
Politiet byrja å nøsta opp i dette, og etter kvart melde ein angrande syndar seg sjølv, fortel vaktsjef ved Haugesund politistasjon Håkon Tornes.
Det viste seg at fleire ungdommar tidleg i tenåra sto bak eldpåsettinga. Saman med sine pårørande har dei forklart seg. Det er oppretta sak, og ungdommane vil bli følgde opp, seier Tornes.