nyhende
Teleoperatør bygger ut 5G-nett i Sveio
Sveio er mellom stadane i Noreg kor Telia skal bygge ut mobilnett med 5G-teknologi til hausten.
– Neste halvår vil mange byar og kommunar i mellom anna Møre og Romsdal, Trøndelag, Vestfold og Telemark og Vestland få 5G frå Telia med høgare hastigheiter, mykje betre kapasitet og ikkje minst god dekning, seier administrerande direktør Stein-Erik Vellan i ei pressemelding.
Det gjeld mellom anna Molde, Ålesund, Oppdal, Røros, Notodden og Skien, Sogndal og Voss, i tillegg til ei rekkje andre kommunar. Dei vil få tilgang til mobilteknologien ein gong i løpet av det neste halvåret.
I Vestland vil desse kommunane få 5G i haust: Alver, Askvoll, Aurland, Austevoll, Bjørnafjorden, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Kvam, Luster, Lærdal, Osterøy, Samnanger, Sogndal, Solund, Stad, Stord, Stryn, Sunnfjord, Sveio, Ullensvang, Vaksdal, Vik, Voss og Årdal
I Rogaland gjeld det Haugesund og Randaberg, og i Vestfold og Telemark Hjartdal, Kviteseid, Midt-Telemark, Nissedal, Nome, Notodden, Seljord, Skien, Tinn og Tokke.
I Møre og Romsdal gjeld det desse stadene: Aukra, Aure, Averøy, Fjord, Giske, Gjemnes, Hareid, Herøy, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund.
Telia jobbar også med utrulling av 5G-nett i Tromsø og fleire byar og kommunar i Troms og Finnmark.
Kampen om utbygging av 5G-nettverket står mellom Telia, Telenor og Ice. I tillegg til Telia er også Telenor godt i gang med utbygginga i store delar av landet i 2022, medan Ice har starta i Oslo.
(©NPK