nyhende
Tek pause med godt samvit
Fotballgutane frå Sveio fillerista bortelaget under siste kamp før feriepause i serien. Trenar Henrik Grasdal Larsen meiner laget spela slik dei skal. – Ikkje noko meir hokus pokus enn det, seier han.
Det er en nøgd trenar på veg til rockefestival som gjev eit intervju om Sveio sin siste kamp før sommarferien.
– No står eg på Oslo S, så berre spør, humrar Henrik Grasdal Larsen over telefon.
Sterk siger
Den 21. juni spela Sveio på heimebane mot bortelaget Djerv 1919 3 med eit ganske greit utfall.
– Dykk vann 7-1?
– Endeleg snudde det. Godt å ta ferie med det resultatet der. No har det vore nokre dårlege kampar i det siste, så godt å få snudd, seier trenaren.
– Kvifor gjekk det så veldig bra?
– Me spela slik me veit at me kan spela, ikkje noko meir hokus pokus enn det, seier Larsen.
Samspelet sat
Han fortel om ein kamp der Sveio dominerte på banen. Litt fordi dei hadde nok innbytarar, men også fordi samspelet sat.
– Eg sa det til dei i pausen då me leia 3-1. Me gjer det 90 prosent bra og må luka bort dei siste 10 dårlege prosentane. Me spela eit vaksent spel og let oss ikkje stressa sjølv om dei hadde ballen, seier Larsen.
– Var det nokre minnerike augeblikk?
– Frisparket til Øyvind Kirkeleit. Eigentleg heile kampen, måten me spela på og korleis midtbanen hang i lag, svarar han.
Jojo-sesong
For spelarane i raudt har det så langt vore ein sesong prega av både opp og nedturar. På tabellen ligg dei for tida på tredjeplass.
Larsen legg ikkje skjul på at dei har smaka både siger og sure stunder.
– Me fekk ein topp i byrjinga, og så har det dala dei siste fire kampane. Og så fekk me ein topp igjen denne kampen. Det er ein jojo, seier trenaren.
Dei har framleis som mål å rykka opp.
– No ligg me sju poeng bak serieleiar Ølen 1. Dei har berre tapt ein gong, og det var mot oss. Eg vil ikkje sei at det er utelukka, men det vert vanskeleg.
Første kamp etter sommaren vert 23.08 på bortebane mot Trott 2.
Tabellen