Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Tek ikkje sorgene på forskot
SV fekk ein representant valt inn i kommunestyre, Olav Østebø Olsen. Dei er open for samarbeid om enkeltsaker, og avventar kva dei borgarlege vert einige om før han ser mørkt på noko.
– Me kan ikkje seia at me er strålande nøgd med gårsdagens val i Sveio, seier Olav Østebø Olsen.
Han vert den einaste som skal representera SV i kommunestyret. Dei korkje mista eller vann nye mandat, men forskjellen er at Sveio no truleg får borgarleg styre. Men, å jobba saman for sveibuene er han alltid klar for.
Avventar nytt styre sin politikk
– Fleire av partia som har inngått intensjonsavtala har me hatt eit godt samarbeid med dei fire åra førre. No kjem kommunen til å verta styrt på ein litt annleis måte, men her er det mogelegheit for å verta høyrd, og å jobba frå sak til sak, seier Olsen.
Han understrekar at dei fleste partia tross skilnadar er einige om mykje i kommunen. Som representant frå SV vil han halda fram å representera deira politikk i kommunestyret.
– Me beheld det mandatet me har hatt, og det er eit grunnlag for å jobba vidare, seier Olsen.
Han hadde håpa på høgare oppslutning både for SV og generell valdeltaking, men veljer å ha eit praktisk syn framover.
– Det er mandatet som teller, så me skal ikkje mokka over det.
– Har de plan om å gå saman med andre i opposisjon?
– Det er naturleg at parti som ikkje har gått saman om avtale ser på mogelegheita om korleis å jobba saman, men eg har ingen konkrete samarbeidsavtaler å avsløra, seier han.
– Er det noko du fryktar med borgarleg styre i Sveio?
– Det vil eg venta med å svara på til eg har høyrd kva dei har vorte einige om, avsluttar Olsen.
Spanande for MDG
Kjartan Moe Hustvedt var ein av dei som venta spent tysdag ettermiddag, då stemmer frå sveibuar i andre kommunar skulle reknast med. Før oppteljinga var MDG nærast med å mista mandatet sitt til Høgre, men slik gjekk det ikkje.
– Herleg at mandatet heldt heilt inn. No vil me arbeida med å synleggjera politikken til MDG gjennom heile perioden, skriv ein glad Hustvedt då han veit at mandatet er sikra.
Den komande kommunestyrerepresentanten trekk fram ein interessant lærdom frå valet, som han fekk frå partiet som vert omtalt som MDG si rake motsetning.
– Han sa det han Sivertsen i INP. Det er liten effekt av å driva valkamp. Sjølv om det har vore lokalval har det handla mykje om nasjonale idear, sa Hustvedt.