nyhende
Tek ikkje klager til følgje
Innkomne klager på vedtak om avslag på søknad om dispensasjon og løyve til å riva tre bygningar og utvida næringsområdet på gnr. 61 bnr. 1 i Mølstrevåg, blir ikkje teke til følgje av administrasjonen i Sveio kommune.
Hovudutval teknisk/næring (HTN) gav tidlegare i haust avslag på søknad om dispensasjon og rammeløyve for å riva tre bygningar og utvida næringsområdet i Mølstrevåg. Eit avslag som sette både ein næringsaktør og ein privat huseigar i ei lei knipe.
I sakspapira peikar rådmannen på at han ikkje kan sjå at det gjennom klagene kjem fram vesentlege nye opplysningar som gjer at saka bør vurderast annleis no, enn slik rådmannen gjorde då saka blei lagt fram for behandling i møte for hovudutvalet i august i år.
Vedtaket er påklaga av advokat Trond Jarle Bachmann, på vegne av tiltakshavar Ølen betong gruppen (ØBG), og av advokat Knut Magnus Haavik, på vegne av naboane Heidi Knutsen og Arild Helland.
Tysdag 16. november blir klagesaka lagt fram for behandling av HTN som underinstans.
Verneomsyna sterkt overdrive
I ØBG si klage kjem det innleiingsvis fram at det overordna grunnlaget for klaga er at verneomsyna som blei lagt til grunn for avslaget er sterkt overdrive, byggjer på utdaterte opplysningar om dei faktiske tilhøve på staden, og at det verken per i dag eller i overskodeleg framtid er realistisk å tru at desse bygningane vil kunna presenterast for publikum i ei kulturhistorisk interessant «innpakning».
Vidare i klaga blir det peika på at ØBG i 1994 etablerte seg i Mølstrevåg med driftsselskapet Ølen Betong AS (ØB) grunna nærleiken til djupvasskai, tilgjengelege råstoff samt at nær heile området var avsett med næringsføremål i reguleringsplan og kommuneplan.
I ettertid har ØBG lagt ned betydelege ressursar i å utvikla og utvida eigedomsmassen for effektiv og moderne drift i ein konkurranseutsett bransje, noko som gjort ØBG og ØB til ein av dei største aktørane og sysselsettarane i Sveio.
– Ei stor belastning
Våren 2021 skreiv ekteparet Helland/Knutsen kontrakt med Ølen Betong Gruppen AS om overtaking av eigedomen deira. Kontrakten blei skriven under forutsetnad av at næringsaktøren som eit minimum fekk løyve av kommunen å riva den eine bygningen av dei tre det var søkt rivingsløyve for.
– Sidan sommaren 2019 har denne saka vore ei stor belasting for vår familie. Me såg eit lyspunkt i sommar etter å ha fått ein dialog med ØBG og kontrakt blei forma, men nå er me svært skuffa over Sveio kommune. Det er ikkje usannsynleg at me nå må selja huset vårt på Vikse og bli verande i Mølstrevåg, seier Arild Helland.