nyhende
Tar initiativ til bondemarknad
Sveio Sau og Geit vil utvida det årlege kåringssjået sitt om hausten, og inviterer no ei rekke organisasjonar og firma til eit informasjonsmøte om ein ny bondemarknad i Sveio.
Møtet blir i kommunestyresalen komande tysdag. Ut frå invitasjonen vil det også få preg av ein idédugnad der dei frammøtte blir inviterte til å koma med forslag til mellom anna kor marknaden skal arrangerast.
Treng stor plass
– Her har eg tenkt mykje. Før var det god plass på Ekrene, men der er det nokså utbygt no. Slik er det også med Vigdartun. Grusbanen nedanfor Sveio omsorgssenter er kanskje ikkje stor nok. I Valevåg er det god plass, men det er kanskje for langt unna sentrum, undrast styreleiar i Sveio Sau og Geit, Hege Vigre.
I tillegg til kåringssjå ønskjer Sau og Geit at bondemarknaden skal innehalda bondekamp, saueklipping, traktor- bil- og lastebilutstillingar, salsboder for lokale produsentar, sceneshow, gjetarhundoppvisning og stands for ulike lokale firma og organisasjonar. Til innandørs aktivitetar trengst det eit stort telt.
– Sveio Bondelag, Sveio Bonde- og Småbrukarlag, Sveio andelslandbruk, 4H-klubbane og speidarorganisasjonane i Sveio, Sveio kommune med ordføraren spissen, ei rekke firma med tilknyting til landbruket og oppdrettsnæringa i kommunen og dei største entreprenørbedriftene som Birkeland og Vassbakk & Stol er inviterte til møtet, seier Vigre.
– Spent på oppslutnaden
– Eg er svært spent på oppslutnaden. Dette er ikkje noko Sveio Sau og Geit kan gjennomføra åleine. Me må i alle fall ha med oss dei andre bondeorganisasjonane, seier Vigre.
Når det gjeld tidspunkt, er dette avgrensa til den tida som er aktuell for kåring av vêrlam. Det vil seia innanfor dei to siste vekene i september og den første i oktober.