nyhende

blågrønalgarcyanobakteriar
I 2015 fekk Sveio kommune melding om at ein hund blei veldig sjuk etter at den hadde drukke grønt vatn. Bildet er tatt 28. september same år.

Tar ikkje prøvar i år

Sveio kommune ser ikkje at det er nødvendig å ta prøvar av Vigdarvatnet etter at det blei kjend at blågrønalgar dannar ei grønaktig hinne over vatnet enkelte stader. Bakteriane blømer no – og vatnet er uansett ikkje trygt å drikka for folk.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind har vore i dialog med ein lesar som etterlyser betre informasjon og varsling frå kommunen si side når det gjeld oppblomstring av blågrønalgar i Vigdarvatnet den siste tida. Det blir også stilt spørsmål om prøvetaking, men det ser ikkje Sveio kommune som nødvendig å gjera i år. Informasjon om blågrønalgane blei lagt ut 16. oktober på nettstaden til kommunen.

– Heilt sikkert oppblomstring

– Me har tatt prøvar av Vigdarvatnet fleire andre år når me har fått meldingar om grønt vatn. Dei viser alltid at det er cyanobakteriar tilstades når den grøne fargen blir observert om hausten. Slik me ser det, er det ikkje nødvendig å ta prøvar av vatnet, det er heilt sikkert at det er oppblomstring, og me viser til informasjonen på kommunen si heimeside, seier Frederik Aalo Flood, einingsleiar drift- og anleggsavdelinga i Sveio kommune.

Ikkje trygg drikkevasskjelde

– Nærmare forklart kan nokre cyanobakteriar (blågrønalgar), i enkelte tilfelle produsera ein type giftstoff i varierande mengde. Det er komplisert, og derfor nærmast umogleg å seia noko meir handfast om temaet, derfor sende me ut eit føre-var-varsel i samråd med Mattilsynet, forklarar Flood.

Vigdarvatnet er vasskjelde for enkelte hus og gardsbruk, og blir brukt mykje til friluftsliv og rekreasjon. På generelt grunnlag opplyser Flood at vatnet ikkje er ei trygg drikkevasskjelde for folk.

– Det er for mykje påverknad av busetnad, landbruk, friluftsliv, folk og ferdsle til at dette bør nyttast til drikkevatn.

– Det er ikkje uvanleg at blågrønalgar blomstrar opp på ettersommaren i middels næringsrike innsjøar her hos oss, sa Geir Helge Johnsen ved Rådgivende Biologer AS til Vestavind i 2015. Blågrønalgane har i følgje biologen evna til å flyta opp og liggja i tjukke lag langs land i roleg vêr – nesten som maling.

Overvakar kvaliteten på vatnet

Sjølv om vatnet ikkje er rekna som drikkande for folk, er Vigdarvatnet livsnerva til Fjon Bruk.

– Vigdarvatnet er ei særs god vasskjelde for smoltproduksjon. Vasskvaliteten bli overvaka kontinuerleg for ei rekke parameter. Når det gjeld blågrønalgar tek ein månadlege prøvar, me ser dette mest på hausten, og er avtakande mot november-desember. Blågrønalgar har me observert år om anna, og lært oss å leva med, seier Kristian Råsberg, samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk til Vestavind.

Verksemda tar del i hydrologiske miljøundersøkingar, for å styrka kunnskapsgrunnlaget i vassdraget. – Vigdarvatnet har eit breitt spenn av bruksinsteresser, og ein må jobba for å redusera tilførsel av fosfor og andre næringsstoff, opplyser Råsberg.

Giftig i høge konsentrasjonar

I Noreg er det ikkje kjend at menneske har blitt forgifta av vatn med toksinproduserande cyanobakteriar, men husdyr har døydd etter å ha drukke slikt vatn, opplyser Folkehelseinstituttet.

I visse konsentrasjonar er toksinane i dei forskjellege cyanobakteriane giftige for menneske og dyr. Dei mest kjende kan øydeleggja levra, og blokkera nerveimpulsar. Cyanobakteriar kan også gi ulike allergiske reaksjonar.

Moglege symptom

Vatn med blågrønalgar i høge konsentrasjonar, kan derfor vera skadeleg ved svelging og inhalering av sprut frå vatn, og direkte kontakt med ømfintlege område, som øyre, auger, munn og svelg.

Symptom på at ein kan ha blitt eksponert for slike bakteriar og toksinane, kan vera hudirritasjonar, blemmer, sår hals, oppkast, diaré, magesmerter, feber, astma, svimmelheit og muskelkrampar.

Powered by Labrador CMS