nyhende

Tar i bruk naturen på Oa

Sveio har mange bygder, der dei mest folkerike sentra ofte får mest merksemd. Men det er liv og engasjement litt utanfor allfarveg også.

Publisert Sist oppdatert

Oa bygdelag er eit av dei små bygdelaga som dei siste åra har samla folk, fått fart på samvær og laga til møtestadar. Jamleg blir det arrangert samlingar av forskjellig slag, nokre med historiske tema og andre berre for samværet si skuld.

Siste nytt er å lage fleire turløyper på Oa. Dei går gjennom djupaste skogen, i hogstområde og i myrlendt terreng. Mange turar følger dei gamle traktorvegar, men også gamle stiar er gjenfunne og tatt i bruk, blant anna den som gjekk frå Ervesvåg til skulen på Oa.

Nyttårstur

Stiane er profesjonelt skilta, gamle namn er brukte og dermed også tatt vare på. Med tilskot frå Sveio kommune skal det etter kvart bli plassert ut benkar slik at turgjengarar kan ta seg ein pust i bakken, nyte kaffi og anna knask.

På den første «offisielle» turen, sjølvaste 1. januar, stilte 17 sprekingar opp. Dei starta ved Oa ungdomshus og gjekk på Utmarksstien til Liervatnet der det var kaffi og julekaker. Vidare var det fin traktorveg til gravplassen, før dei avslutta turen ved utgangspunktet.

Lokal eldsjel

Kristin Ove Skare er ei fleire drivkrefter i satsinga.

– Det er enkelt for meg. Eg spør folk om hjelp, og så stiller dei opp, ler ho.

Blant anna har ho fått god hjelp av Jan Roar Oa som også er lokal eldsjel. Han har gått skogen på langs og tvers og brukt timar på å finne og merke turløyper.

– Kva er det som driv deg i dette arbeider?

– Eg synest det er interessant å finne dei gamle stiane som har vore brukt i mange år før vår tid. Og så er det sjølvsagt kjekt å vere med å skape liv på Oa, og flott at så mange stiller opp i dag, seier Oa.

På opninga av Friluftslivets år den 18. januar planlegg dei engasjerte Oa-folka bålbrenning, kanskje på samlingsplassen i Oa-vika.

Powered by Labrador CMS