nyhende
Tar attval for fjerde gong
Nominasjonskomiteane har no levert sine forslag til medlemmer i sokneråda, men det er framleis mogeleg å få fleire inn på listene. Soknerådsleiar i Valestrand og Førde, Tor Helge Hardeland, har vore i soknerådet sidan 2009.
Kyrkjevalet skjer 10. og 11. september. Dette er samstundes med kommunestyre- og fylkestingsvalet.
Kyrkjevalet er eit demokratisk val der ein veljer kven som skal styra Den norske kyrkja dei neste fire åra. Det blir valt representantar til sokneråd lokalt, bispedømmeråd regionalt og Kyrkjemøtet nasjonalt.
I år kan du førehandsstemma digitalt frå 10. august til 6. september. Fysisk førehandsstemming pågår i same tidsrom, og då kan du stemma på soknehuset i Sveio.
På valdagen kan du stemma i nærleiken av lokala til kommuenvalet. Er du medlem i Den norske kyrkja og født i 2008 eller før, har du stemmerett i 2023. Alle medlemmer over 18 år kan stilla til val.
Tar fire år til
I Valestrand og Førde sokneråd er det stor utskifting, men leiar Tor Helge Hardeland sørgar for kontinuitet.
— Eg vart vald inn første gong i 2009. Då var perioden to år. No nærmar det seg slutten på min tredje fulle periode på fire år, seier Hardeland.
Med så stor utskifting er det å sikra kontinuitet ei av årsaken til at han takkar ja til ein ny periode. Men ikkje det viktigaste.
— Eg synest dette er veldig kjekt og givande arbeid. Og så er det ein veldig fin gjeng å jobba i lag med. Me har sju-åtte møter på 1,5-2 timar i året, og to arrangement me har ansvar for, så det er absolutt overkommeleg. Me skulle gjerna hatt fleire på lista, og eg håper det kjem inn nye namn før fristen går ut 15. mai, seier Hardeland.
Elise de Winter går av som soknerådsleiar i Sveio, og fortel at det er ganske stor utskifting i Sveio også.
— På den nye lista er det to eller tre som held fram. Å vera i soknerådet er givande, og me er der for å bidra til fellesskapet i kyrkja og soknehuset. Som leiar fekk eg reisa til Bergen og vera med på vigslinga av den nye biskopen, og det var veldig stas, seier de Winter.
Listene
Sveio Sokn:
1. Rune Hjelmeseter
2. Anne Vierdal
3. Solfrid Lier Habbestad
4. Sigrund Breistig
5. Hildur Larsen
6. Bente Hovland Johannessen
7. Kjell Gunnar Nymark
8. Astrid Furdal
9. Lars Reiersen
10. Leiv Rossehaug
Valestrand og Førde Sokn:
1. Tor Helge Hardeland, Auklandshamn
2. Anne Mari Engeset Fisketjønn, Førde
3. Else Mønnich Egenberg, Valestrand
4. Elisabeth Reiersen, Førde
5. Solveig Brynjelsen, Auklandshamn
6. Wenche Strømøy, Valestrand
7. Tatjana Stepanova, Førde
8. Tove Bjørge Ottesen, Førde
9. Jostein Valen, Valestrand
Treng fleire kandidatar
Begge sokneråda har åtte faste medlemmer og fem vara. Med 10 og 9 kandidatar på listene, skulle det helst vore fleire kandidatar slik at råda får fleire varamedlemmer.
Sjølv om nominasjonkomiteane er ferdige med sitt arbeid, er det framleis høve til å supplera nominasjonen fram til klokka 12.00 den 15. mai. Det skal gjerast på følgande måte:
- Forslaget til kandidat skal vera underskrive av fem stemmeberettiga forslagsstillarar frå soknet.
- Forslaget må vera skiftleg og sendast til kyrkjekontoret anten som brev eller skanna dokument på e-post.
- I forslaget må det også vera med kandidaten sin fødselsdato, samt fødselsdato og bustadsadresse til dei som har skrive under på forslaget.