nyhende

Kirsten Hom (87) mista far sin i bombeangrep i 1945. Saknet etter faren har alltid vore sterkt. Foto: Grethe Hopland Ravn / Grannar.
Kirsten Hom (87) mista far sin i bombeangrep i 1945. Saknet etter faren har alltid vore sterkt.

Tapet som aldri slepp taket

87 år gamle Kirsten Holm frå Etne var berre sju år då freden kom til Noreg. Men mens flagga vaia og songane ljoma mellom fjella heima i Torsnes i Hardanger, sat familien hennar i djup sorg.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Datoen 8. mai markerer det store vendepunktet i norsk historie: slutten på fem mørke år med krig og okkupasjon. I dei fleste heimar blei dagen feira med flagg, bunad og glede. For Kirsten Holm og familien hennar, var det ein dag som kom midt i sorga. Tre månader før, i februar 1945, mista dei faren sin då rutebåten Austri blei bomba av britiske fly utanfor Stord. Tapet har prega heile livet hennar.

Powered by Labrador CMS