nyhende

Etter nokre dagar heime i Sveio, ventar turnering i England og EM i Estland for Bård Bjørnevik Skogen. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Etter nokre dagar heime i Sveio, ventar turnering i England og EM i Estland for Bård Bjørnevik Skogen.

Tangerte banerekorden i Sveio

Bård Bjørnevik Skogen er heime i Noreg på ferie frå golf-kvardagen i USA. Søndag deltok han i turnering på Sveio Golfpark. Der tangerte han banerekorden. — Banen i Sveio er der eg vaks opp, seier Skogen.

Publisert Sist oppdatert

— Det var turnering og stort arrangement, ei kjempekul turnering, seier Skogen.

Sveibuen som til vanleg spelar golf i USA er for tida heime på besøk i Noreg. På søndag fekk han vende att til golfbanen han kjenner best.

Kiwi Sveio Open

Der var det ei turnering arrangert av den lokale Kiwi-butikken, kor Skogen fekk visa fram ferdigheitene.

— Eg spelte fin golf, og det var god poengsum til slutt, seier Skogen.

Då tangerte han den eksisterande banerekorden på 67 slag. Sjølv om han er nøgd med å ha fått like mange poeng som gjeldande rekord, så innrømmer han at det gjerne kunne ha vore litt meir.

— Eg skulle ynskje at eg tok den og ikkje berre tangerte, men nokre dagar er det slik, seier Skogen.

Få sjansar til å ta rekorden

Grunna livet i USA er han sjeldan heime, og difor vert det få sjansar til å ta rekorden på Sveio golfpark.

— Det var kult at turneringa søndag gav mogelegheiter, seier Skogen.

— Har du framleis golfbanen i Sveio i hjartet?

— Ja, banen er der eg vaks opp. Eg skulle gjerne hatt rekorden, men har i alle fall tangert. Så det er kult, svarar han.

— Kva var det som gjorde at du spelte så bra? Var det feriemodus?

— Ferie hjelper på det meste, humrar Skogen og fortset:

— Det er jo ein dagsidrett, nokre dagar spelar ein betre enn andre. I morgon kunne det jo ha sett heilt annleis ut, seier han.

Snart EM

Søndagens blåe himmel og klare sol har nemleg ikkje vore vanleg kost for Skogen opp gjennom åra på golfbanen i Sveio.

— Det hadde vore vanskelegare i storm og regn, men ein er no vant med det også, når ein har vakse opp der ein har vakse opp, seier han.

Skogen får nokre dagar til i heimkommunen før han skal vidare.

— Eg drar til England på ei turnering som byrjar måndag. Og så vert det EM i Estland, seier han.

Powered by Labrador CMS