nyhende
Talsmann for folk med krevjande liv
– Slik tida er no, er det viktig at nokon svarar på telefonen når folk er bekymra. Mange vaknar om morgonen og er livredde for kva verdsleiarane har funne på medan dei sov, seier den nye generalsekretæren i Kirkens SOS, Johannes Heggland (61) frå Stord.
Vi møter han i lokala til Kirkens Bymisjon midt i Oslo. Der er han i innspurten med å avslutta arbeidet sitt etter 36 år i organisasjonen, dei siste 13 som assisterande generalsekretær.
Sola skin frå skyfri himmel og dannar skarpe skilje mellom lys og skugge i gatene. Kontoret deira ligg framleis i skuggen, men på kvart av borda i lokalet står ein brustein med telys. Å tenna lys har alltid vore eit viktig ritual og symbol for organisasjonen. Johannes Heggland ser tilbake på tida i Bymisjonen med takksemd og glede.
– Det har vore ein veldig god plass å vera. Ikkje berre god, men ekstremt meiningsfull, seier han med trykk på det siste ordet. Han synest det er vemodig å slutta etter så mange år i organisasjonen, spesielt fordi han har hatt så mange fine kollegaer.
– Samtidig veit eg nok om Kirkens SOS til at eg får fantastiske kollegaer der også, både tilsette og frivillige.
Meir prekært behov
Kirkens SOS er den største døgnopne sjølvmordsførebyggjande krisetenesta på telefon og nett i landet. Kvar dag, heile døgnet, tek fleire enn 500 fortvila menneske kontakt.
Då stillinga som generalsekretær for krisetenesta blei ledig, blei Heggland spurd om han kunne tenkja seg å søkja. Frå før har han god kjennskap til den frivillige hjelpetenesta, som i si tid blei oppretta for 51 år sidan av nettopp Kirkens Bymisjon.
– Eg har vore tett på Kirkens SOS i mange år og blitt veldig glad i organisasjonen, seier han om verksemda han no skal leia. Sjølve oppdraget synest han er nært i slekt med det han frå før har drive med.
Visjonen til Kirkens SOS er at det alltid skal vera eit medmenneske å snakka med når livet er vanskeleg. Slik verda ser ut no, meiner Heggland det er ekstra viktig at folk som treng det, har nokon å dela bekymringa si med. Han karakteriserer behovet for krisetenesta som meir prekært enn før.
– Pågangen av folk som tek kontakt har auka. Det er heilt reelt at Kirkens SOS har ei viktig rolle som kriseteneste og førebygging mot sjølvmord i ei tid der mange kjenner på frykt for framtida eller av andre grunnar kjenner på livskrise, seier den påtroppande generalsekretæren.
Ein samtale kan redda liv
– For nokre blir livet for krevjande å leva. I fjor tok 727 menneske livet sitt her i landet. Kva seier det om samfunnet vårt?
– Det seier i alle fall at det er altfor mange som går rundt og slit med fortvilinga og livskrisene sine utan å få den hjelpa dei treng. Også andre tal innanfor psykisk helse viser at pågangen er større enn tilbodet. Kirkens SOS er viktig som ei umiddelbar og alltid aktiv teneste, der dei som tek kontakt kan møta eit medmenneske å snakka med når livet er som verst.
– For veldig mange veit vi at ein samtale med Kirkens SOS reddar dagen. For nokre veit vi at det reddar livet. Det er vi heilt sikre på. Heile døgnet er det folk som ringjer inn. Alltid. I snitt kjem det ein samtale der sjølvmordstankar er tema, kvart 24. minutt.
Treng fleire frivillige
Dei som svarar på telefon og chat i krisetenesta er alle frivillige medarbeidarar. I dag bidreg over tusen menneske i alle aldrar over heile landet med å ta imot samtalar. Ein av ambisjonane til den nye generalsekretæren er å få fleire med på laget. Han peikar på at organisasjonen i fjor svarte på over 155.000 førespurnader, men at det var over 280.000 som tok kontakt. Behovet for fleire frivillige er difor stort.
– Kva vil du seia til folk som lurer på om dei skal melda seg?
– Då vil eg seia at det er berre å ta kontakt. Dei frivillige i Kirkens SOS blir veldig godt tekne vare på. Før dei startar får dei grundig opplæring, og undervegs får dei god rettleiing så lenge dei er med i tenesta.
Heggland strekar under at folk ikkje treng ha noko spesielt livssyn for å bidra.
– Vi ønskjer å ha eit stort mangfald av medarbeidarar som også inkluderer ulike variantar av tru og ikkje tru. Dei som ringjer inn skal møta folk som er like ulike som innringjarane sjølve.
Sterkt sosialt engasjement
Johannes Heggland vaks opp på Stord. I oppveksten var han aktiv i kyrkjeleg arbeid, arbeid på bedehuset og i anna kristent ungdomsarbeid. Her vakna det sosiale engasjementet hans. Yrkesvalet stod etter kvart mellom å studera teologi eller bli sosionom. Valet fall til slutt på det siste. Det har han aldri angra på.
At han som ung sosialarbeidar blei arrestert i Chile og erklært utvist frå landet fordi han protesterte mot tortur og fengsling av politiske fangar, seier noko om kor sterkt det sosiale engasjementet hans var og er.
– Det er i grunnen det same engasjementet for rettferd og betre livsvilkår for dei som treng det mest, som har gjort at eg har jobba i Kirkens Bymisjon i alle år.
Mykje for pengane
Det sterke engasjementet hans kjem vel med også i den nye jobben som generalsekretær i Kirkens SOS. Ei viktig oppgåve blir å arbeida opp mot norske politikarar. Sjølv om organisasjonen har stor tillit, trur Heggland at det er viktigare enn nokon gong å vera synleg og minna politikarane om kor viktig hjelpeorganisasjonen er både for einskildmenneske og for samfunnet.
– Samfunnet får enormt mykje igjen for dei 65 millionane det kostar å driva Kirkens SOS kvart år. Om ikkje noverande og framtidige regjeringar sikrar finansiering av ei slik teneste, vil det vera å skyta seg sjølv i foten. Den samfunnsmessige kostnaden vil bli mykje større om tenesta skulle bryta saman. Eit av slagorda til Kirkens SOS er «Vi er der alltid». Utfordringa er at dette skal vera sant, og at vi alltid kan ha ei open linje, seier Johannes Heggland.