nyhende
Talet på innlagde korona-pasientar har dobla seg på to døgn
Onsdag ettermiddag var 10 personar innlagde ved Haugesund sjukehus med påvist covid-19.
Dette er ei dobling på to døgn. Måndag var det fem innlagde pasientar med covid-19 i Haugesund.
Av dei 10 får tre intensiv behandling. To av desse er i aldersgruppa 18-64 år, mens ein er i aldersgruppe 65+, opplyser Helse Fonna på si nettside.
Også ved Odda sjukehus
I Helse Fonna-området er til saman 11 personar innlagde. I tillegg til dei 10 i Haugesund er ein pasient innlagd ved Odda sjukehus med påvist covid-19.
Annonse
Helse Fonna har fram til no i pandemien registrert 8 dødsfall hos pasientar med covid-19.
Torsdag hadde 12 av om lag 4.000 tilsette i Helse Fonna korona-relatert fråvære.