nyhende
Talet på dødsulykker med MC er nesten halvert
Talet på dødsulykker med MC har gått kraftig ned frå ulukkessommaren i fjor. Ved utgangen av juli hadde ni motorsyklistar mista livet på norske vegar, mot 17 på same tid i fjor.
– Tala viser at den auka innsatsen for trafikktryggleik, haldningskampanjar og det gode arbeidet hos alle som kvar dag jobbar med MC-tryggleik, gir resultat, seier MC-leiar i NAF Jan Harry Svendsen i ei pressemelding.
Han åtvarar samtidig mot at dette må bli ei sovepute. Han seier at visjonen for null drepne og null hardt skadde også gjeld for motorsyklistane.
– Sjølv om talet på drepne på MC no går tilbake, må vi halde fram med å halde trykket oppe.
Svendsen seier det til sjuande og sist er kvar enkelt motorsyklist som kan gjere mest for å auke eigen tryggleik.
– Det handlar om å ikkje ta sjansar og å køyre med stor tryggingsmargin. Gjer ein det, har ein handlingsrom til å reagere dersom noko skulle skje, seier Svendsen.