nyhende
Talet på biltjuveri har stupt
I 2003 vart det stole meir enn 14.600 bilar i Noreg. 20 år seinare er talet nede i rundt 2.400 bilar årleg.
På 20 år er biltjuveri i Noreg redusert med over 80 prosent.
Rattlås, elektronisk startsperre og GPS-sporing av moderne bilar gjer jobben vanskelegare for biltjuvane. I tillegg er stolne elbilar lite attraktive i utlandet.
– Innføringa av elektronisk startsperre som marknadsstandard nærast sklitakkelet vinningsforbrytarane, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If i ei pressemelding.
I fjor vart det stole 2.377 her i landet.
Annonse
– Dessverre er det ganske mange av desse bilane som forsvinn fordi tjuven har klart å få tak i nøkkelen. Den øvste skuffa i entreen er der innbrotstjuven leitar først. Finn ein lurare stad, oppmodar Clementz.