nyhende
Tal pasientar med korona er på april-nivå
For første gong sidan slutten av april, sender Helse Fonna ut korona-oppdatering i høve koronasmitte. Måndag morgon er det fire pasientar med covid-19 på Haugesund sjukehus, ein av desse får intensivbehandling, opplyser Helse Fonna i ei pressemelding.
Sist føretaket hadde like mange pasientar inne, var i april i år.
På det meste har det vore innlagt 12 pasientar med covid-19 i Helse Fonna. Det var den 29. mars i år.