nyhende

Takplatene blei rivne av løetaket – vindauga forsvann også

– Eg sat og snakka med svigerinna mi i går kveld då det plutseleg small i veggen. Då eg gjekk ut for å sjekka, låg det ei takplate der som hadde kappa av ein busk rett av ved husveggen.

Publisert Sist oppdatert

For Elisabeth Hauge Bakke i Auklandshamn blei det starten på ein strevsam kveld og natt.

– Det viste seg at takplatene på austsida av løa var i ferd med å blir rivne av i vinden. Straumleidningen til løa var også røska av. Eg har budd her i 51 år og aldri opplevd så sterk vind. Det har vore enorme krefter i sving, fortel ho.

No gjenstår det førebels å få dekka til taket. Vindauga forsvann også, og det har komen ein del vatn inn i løa.

Blei treft av plate

For å trygga seg sjølv stilte ho seg under låvebrua medan ho prøvde å få oversikt. Flygande takplater er livsfarlege om ein blir treft. Og dei kan fly langt om dei ikkje blir sikra.

– Naboen kom til etter kvart og rådde meg til å rygga traktoren og skuffa over dei platene som allereie låg på bakken. Medan eg heldt på med den jobben, kom det ei plate flygande som la seg over eine foten, men det gjekk bra, fortel ho.

Vinden heldt fram utover natta, og det blei mer sikringsarbeid etter at naboen var gått.

Då morgonen kom låg alle platene slik dei var blitt sikra i løpet av natta.

Jobba til i 04.00-tida

– Eg fekk lagt steinar og andre runge ting over dei siste platene som kom ned, og var ferdig med arbeidet i 04.00-tida i natt. Då var eg heilt utsliten og fekk sova litt. Då eg vakna låg alt slik eg hadde lagt det før eg la meg, og eg er nøgd med jobben eg gjorde. Både med å sikra platene og meg sjølv under arbeidet, seier Elisabeth når Vestavind ringer.

No ventar ho på at sonen skal koma for å hjelpa til med å dekka taket.

– Dei to vinduauga som er på den delen av løetaket er også vekke, og det har komme inn ein god del vatn i løa.

(Me gjer for ordens skuld merksam på at Elisabeth Hauge Bakke er frilansar for Vestavind.)

Powered by Labrador CMS