Vestavind ønska seg teikningar til juleavisa, og fekk inn 47 bidrag. Motiva er ulike, alt frå Rampenissen, snømenn, nissar og pakkar. Det er mange kreative ungar blant oss!
Me har trekt ut to vilkårlege vinnarar som vinn kvar sin gåve sponsa av Eventyrlig. Inger Elise Lindeland Hovda (8) vinn ein kreativitetspakke og Askil Tvedte Ravatn (4) vinn ein spelpakke.
Ta kontakt med Vestavind for å avtale levering av premiane.
Me gratulerer, og takkar for alle bidrag!
Ein del av juleteikningane finn du i papiravisa – og du kan sjå alle her: