nyhende

William (8) og Theo H. Vierdal (5) plukka søppel på eige initiativ i påska. Dei var lite imponerte over å finna fleire munnbind i naturen.
William (8) og Theo H. Vierdal (5) plukka søppel på eige initiativ i påska. Dei var lite imponerte over å finna fleire munnbind i naturen.

– Ta med søpla di heim!

Publisert Sist oppdatert

Brørne William og Theo Wegner H. Vierdal bur på Rød, og har gjort ei nyttig gjerning i påska. Skjærtorsdag var dei ute langs Øklandsvegen på eige initiativ for å plukka søppel. Ikkje uventa fekk dei raskt fangst i posen, men dei blei også ganske overraska og irriterte over éin type søppel, eit produkt som mange har tatt i bruk dei siste vekene, nemleg munnbind.

– Ta med søpla di heim, og bruk hovudet – me har berre ein klode, er oppmodinga til gutane.

Powered by Labrador CMS