nyhende
Synest det er krevjande å halda bygda levande utan grendaskulen
– Bua er ein fin plass, og det er framleis liv og engasjement, seier Nils Haktor Bua. Det er hovudårsaka til at han no byggjer seg hus i heimbygda. Men å rekruttera kommande generasjonar med same hjarte for bygda, trur han kan bli vanskeleg.
– Korleis opplever du at bygda di lever vidare utan skulen?Spørsmålet vil me stilla til folk i bygdene som sist mista skulane sine, Vandaskog, Bua og Lid. Me har dialog med nokre kandidatar, har du også lyst til å bidra med dine tankar? Ta kontakt med Vestavind. |
Då Bua skule gjekk ut av drift hausten 1999, blei elevane overførte til Sveio skule. Ein av dei som fekk ein sju kilometer lengre skuleveg, var 9 år gamle Nils Haktor Bua.
– Skulebytet var for min del absolutt godt, sjølv om eg trivst på Bua. Den største skilnaden var nok kor større inndelingar det var mellom klassetrinna på Sveio enn på Bua. På Bua var me omtrent like mykje med dei andre i klassane over og under, som dei i eigen klasse, seier Bua, som begynte på Sveio skule i 3. klasse.
Den manglande kontakten utover eige klassetrinn, meiner han frå sin ståstad har svekka bygda, sidan ein i mindre grad blir kjende med dei som ikkje er i same alder.
Sjø og fine tomter
Det er to årsaker til at Bua har kome tilbake til bygda med same namn, attpåtil med ein ekstra innbyggjar med på lasset.
– Det er mest for at eg synest Bua er ein fin plass, og for det andre at det nettopp framleis er liv og engasjement i bygda. Eg og sambuaren min får tilgang til det eg meiner Sveio som kommune burde leggja meir til rette for; fine tomter, tilgang til sjø, natur og overkommeleg veg til arbeid i Haugesund, seier Bua.
Var ikkje sjølvsagt
Då Bua var ferdig med vidaregåande flytta han bort for å studera, og har ikkje hatt eit klart mål om å komma tilbake. Etter nokre år med jobb og bustad i Haugesund, blei moglegheita for å byggja hus litt for god til å la vera, så då blei det heilt heim igjen.
Huset skal reisast i Buavåg, og skal stå klart til sommaren. Som nærmaste nabo har han syster si og hennar familie på fem, som også har kome tilbake i seinare tid.
Nye generasjonar
– Eg har full forståing for, og støttar opp om at Auklandshamn og Valestrand ønskjer å behalda skulane sine. Ja, me har klart å oppretthalda ei levande bygd på Bua, men utan ein skule som eit utgangspunkt, er det mykje vanskelegare å oppretthalda engasjement. Ikkje minst gjeld dette å rekruttera nye generasjonar, då dei i større grad får meir tilknytning til andre stader enn bygda, seier Bua, og legg til:
– At det i tillegg stadig kjem saker som den om å selgja gamle skulebygg, er det ei noko slitsam oppgåve å oppretthalda engasjementet. Sveio er så utruleg mykje meir enn Sveio sentrum, seier Bua.