nyhende

Arild Steinsland farta halve Sunnhordland med hardangerjakt, sykkel og ferje 1. pinsedag.
Arild Steinsland farta halve Sunnhordland med hardangerjakt, sykkel og ferje 1. pinsedag.

Sykla heim etter første etappe med verdiseglasen

Denne sommaren vil ein seglas i fire etappar langs «kystpilegrimsleia» frå Stavanger og nordover samla verdiar frå unge og ta dei med seg til Trondheim. Sokneprest Arild Steinsland var med på første seglas, og sykla tilbake til Moster.

Publisert Sist oppdatert

I «Verdiåret 2024» er det to store jubileum. Det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster og 750 år sidan Magnus Lagabøteforma vår landslov. Landslova vart den første fungerande riksdekkande lovboka i Europa.

Med bakgrunn i desse rettsjubilea har bispedøme og regionale pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim invitert unge i alderen 15-30 år til verdisamtalar på nøkkelstadane langs leia.

Starta på Moster

Første etappe av seglasen starta med ei markering på Moster 19. mai der lokale ungdommar kom med det første verdibrevet til pilegrimskista. Frå Nidaros kom biskop Herborg Finnset med Olavsflammen frå Stiklestad som skal lysa gjennom ti år fram til Nasjonaljubileet i 2030. Denne flammen skal følga seglasen langs kysten til Trondheim.

Halsnøy var neste stopp etter Moster, og der kom ein skuleklasse med verdibrev til pilegrimskista. På nøkkelstadane langs ruta er det også pilegrimsgudstenester og kulturkveldar

Sist om bord

Hardangerjakta «Caroline ad Sandsnes» er hovudfartøy og fraktar pilegrimskista og Olavsflammen til Bergen, Magnus Lagabøte sin by.

Det var mykje fintfolk som gjekk om bord på Moster. Mellom andre fylkesordførar Jon Askeland og prost Svein Arne Theodorsen, som var fungerande biskop på turen. Sist om bord var sokneprest Arild Steinsland. Med sykkel.

– Seglasen gjekk til Halsøy kloster, der jekta blei liggande til utpå kvelden. Eg tok sykkelen fatt og sette kursen heimover.

Rask heimtur

– Kor lang tid brukte du?

– Første del av turen gjekk med ferje til Skjersholmane. Derfrå gjekk ganske radig, så eg brukte om lag 45 minuttar til Moster der eg hadde bilen ståande. Den hardaste delen av turen var faktisk over Bømlabrua med kraftig motvind, fortel den spreke soknepresten.

Powered by Labrador CMS