nyhende

Sykkelritt, gokart og padling for konfirmantane

Sist veke var omlag 70 personar samla på konfirmasjonsleir på Solgry ungdoms- og misjonssenter. Siste dagen heiv nokre seg på sykkelsetet og la ut på ein lengre tur saman med sokneprest Arild Steinsland i spissen.

Publisert Sist oppdatert

Då Vestavind traff på syklistane hadde dei lagt unna seg nær tre mil og var naturleg nok både sveitte og tørste. Kiwi Sveio var difor ein perfekt stad for ein liten pause, før turen gjekk vidare til leirstaden og middag. Estimert lengde på sykkelrittet enda på rundt 35 kilometer, ifølgje Steinsland.

Miks av lære og leik

For årets konfirmantkull har året vore prega av korona-pandemien, difor var det ekstra kjærkome at det endeleg opna seg ein moglegheit for å dra på leir. I tre dagar, frå onsdag til fredag sist veke, hadde konfirmantane saman med sokneprestane Gisle Sørhus og Arild Steinsland, samling med ulike aktivitetar. Som stikkord kan nemnast alt frå undervisning i miljø, å vera leiar, den store forteljinga, sex og samliv, gudsteneste og morgonsamling. Elles var det sosialt med blant anna kanopadling, bading, gokart, innebandy og fotball.

Powered by Labrador CMS