nyhende

— Me sender ikkje lenker uoppfordra i e-post eller SMS, seier Ragna Fossen, tryggleiksdirektør i Skatteetaten. FOTO: SKATTEETATEN
— Me sender ikkje lenker uoppfordra i e-post eller SMS, seier Ragna Fossen, tryggleiksdirektør i Skatteetaten.

Svindelforsøk i samband med skattemeldinga

Måndag begynner Skatteetaten å senda ut meldingar om at skattemeldinga er klar. No åtvarar dei mot svindlarar som prøver å utnytta dette.

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

Skatteetatens tips til hva du kan gjøre for å forhindre at du blir lurt:

  • Sjå nøye på e-postar og tekstmeldingar (SMS) du får. Ta ei kritisk vurdering av e-posten eller SMS-en. Sjekk avsender og tenk over om dette kan vera rett. Sunn skepsis er aldri feil.
  • Ver særleg merksam om du i ein e-post eller SMS blir bedt om å oppgje sensitive opplysningar som kontonummer eller tryggleiksskodar.
  • Ikkje opna vedlegg frå ukjente, og klikk ikkje på lenker ukritisk. Skriv heller sjølv inn internettadresser i nettlesaren.
  • Spesielt på mobil kan det vera fristande og klikka på ei lenke i farten. Ikke gjer det.
  • Er du i tvil, dobbeltsjekk med den riktige avsendaren på for eksempel Skatteetaten.no.

Mellom 14. og 31. mars blir skattemeldinga sendt ut til til vel fem millionar personar. Få dagar før utsendinga startar, åtvarar Skatteetaten mot svindelforsøk. Dei føregår gjennom e-postar eller tekstmeldingar som prøver å lura mottakarane til å klikka på lenker og gje frå seg sensitiv informasjon som seinare kan brukast for å svindla mottakaren.

— Me sender ikkje lenker uoppfordra i e-post eller SMS, og etterspør ikkje bank- eller kredittkortopplysningar i desse kanalene. Ikkje la deg lura, dette er svindel! Det seier Ragna Fossen, tryggleiksdirektør i Skatteetaten.

Du blir varsla på e-post

Når skattemeldinga di er klar, blir du varsla på e-post og bedt om å gå til skatteetaten.no og logga deg inn på «Mi side».

Er du i tvil om informasjonen du har fått er ekte, gå direkte til skatteetaten.no og logg deg på der. Då vil du under «Mi side» finna korrekt og oppdatert informasjon om skatten din. Alternativt kan du logga på altinn.no for å sjå om du har meldingar frå Skatteetaten.

Har du allereie fått melding frå Skatteetaten, er det svindelforsøk. Ingen får meldingar om skatten frå etaten før 14. mars i denne omgang. Svindelforsøka skjer nemleg fleire gonger i året.

— Me opplever at skattytarar blir utsett for svindelforsøk på viktige skattedatoar. Oftast gjennom e-postar eller SMS som har til hensikt å lura mottakarane til å klikka på lenker og gje frå seg sensitiv informasjon som seinare kan brukast til svindel eller ID-tjuveri, seier Fossen i ei pressemelding.

Svindelforsøka aukar

Det er eit aukande omfang av svindelforsøk i Noreg og globalt, men heldigvis er folk blitt meir medvitne, og skepsisen og kunnskapen i befolkninga generelt er blitt betre. Men når folk forstår at det dreiar seg om svindel, endrar også svindlarane taktikk, og mange blir fortsatt lurte til å klikka på lenker.

— Svindlarane brukar kunstig intelligens og norsktalende hjelparar for å laga nesten språkleg perfekte e-postar og SMS-ar. Me ber mottakarane av e-postar og SMS om å vera skeptiske og observante, seier tryggleiksdirektøren.

Vent på tur

Om du ser fram til skattemeldinga eller ei, får du ikkje sjekka den før du har fått den offisielle e-posten om at di skattemelding er klar.

Kvart år er det mange som går inn dei første dagane for å sjekka likevel. Det kan medføra problem med kapasiteten på systemet. Skatteetaten oppmodar derfor folk til å venta til dei har fått melding på e-post.

Powered by Labrador CMS