nyhende
– Svik mot Vestlandet og distrikta
– Forslaget til ny NTP er svært nedslåande. Regjeringa ser ikkje verdiskapinga i vår region, seier ordførar André Mundal Haukås (H).
Sveio-ordføraren, som også er leiar i Sunnhordlandsrådet, fylgde presentasjonen av regjeringa sitt forslag til ny transportplan (NTP) med stor interesse.
Etter lekkasjar som har kome, var han førebudd på at Hordfast ville bli nedprioritert og ikkje bli tildelt midlar dei første seks åra. Men plassering i ei utviklingsportefølje inneber at heile prosjektet blir skuva ut i det uvisse. Det er meir dramatisk enn Mundal Haukås hadde venta.
– Vil endra reisemønsteret
– Dette betyr nok at reisemønsteret i vår region vil endra seg, særleg etter at Rogfast opnar i 2033. Men heile regionen, også Sveio, hadde hatt bruk for Hordfast for å utvikla ein robust vestalndsregion, seier Haukås.
Han legg til at det er Stortinget som skal vedta NTP-en, og han varslar omfattande lobbyverksemd både overfor lokale stortingsrepresentantar og folkevalde frå andre delar av landet for å få dei til å endra på regjeringa sine forslag.
På den positive sida merkar han seg at det er sett av ein stor sum til vedlikehald og oppgradering av det allereie eksisterande vegnettet.
– Me har mykje dårleg veg, men det blir nok hard kamp om vedlikehaldsmidlane også, seier Mundal Haukås.
– Svik mot Vestlandet
Dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker, tar også sterkt i og kallar forslag til ny NTP eit svik mot Vestlandet.
– Regjeringa vel bort vidareføring av kyststamvegen mellom Stavanger og Bergen. Dette er Norges mest lønsame infrastruktur-prosjekt, som vil redusera reisetida mellom dei to byane frå fire og ein halv til to timar og byggja saman landets to nest største byområde til ein region med ein million innbyggjarar, skriv Halleraker i ei pressemelding.
Han finn forslaget heilt uakseptabelt og håpar Stortinget vil koma til eit anna resultat.
– Me kan ikkje akseptera fortsatt styrt nedbygging av kyst-Norge og særskilt Vestlandet, seier han vidare.
Lyspunkt
Sunnhordlandsrådet og Haugalandsrådet har sendt ut ei felles pressemelding der begge dei to regionråda beklagar at Hordfast er nedprioritert.
– Utan Hordfast blir Vestlandet delt i to og Sunnhordland får ein trygg veg sørover, seier Mundal Haukås i pressemeldinga.
Samstundes uttrykkjer både han og leiaren i Haugalandsrådet, karmøyordførar Leiv Arne Marhaug, glede over to lokale prosjekt på E134 som er med i regjeringa sitt forslag. Det gjeld Husøyvegen og strekninga Bakka-Mo. Samstundes varslar regionråda framleis kamp for regulering av heile strekninga Bakka-Solheim.
– For lite til vedlikehald
Også Norges Automobil-Forbund (NAF) var tidleg ute med å kommentera forslaget til NTP. NAF støttar satsing på vedlikehald og oppgradering av eksisterande vegar, men meiner likevel at regjeringa sviktar distrikta.
– Regjeringa har sett av ein milliard kroner i året dei første seks åra og 1,6 milliardar årleg dei neste seks til vedlikehald. Dette er ikkje nok til å henta opp forfallet på fylkesvegane. Folk vil framleis kjøra på nedslitne, trafikkfarlege vegar om ikkje potten blir auka. Dette er langt frå forventningane regjeringa har sådd, skriv pressesjef Ingunn Handagard i NAF i ei pressemelding.
– Feilslått transportpolitikk
Også hamnesektoren tordnar mot regjeringa sitt forslag.
– Forslaget til ny NTP vil stå igjen som det endelege beviset på ein feilslått transportpolitikk, seier direktør Kjell-Olav Magne Gamlemsæter i Norske Havner.
Han reagerer særleg på at kyststroka blir nedprioriterte.