nyhende
Svenskar og finnar har fri i dag – men ikkje nordmenn
Både svenskar og finnar har fri 6. januar, dagen som er til minne om dei tre vismennene, eller kongane, som kom fram til Jesu fødsel etter å ha følgt lyset frå Betlehemsstjerna.
I mange land er dette ein raud dag, og i fleire katolske land er det ein av dei viktigaste i julefeiringa. 6. januar er den store dagen for gåver til barna i til dømes Spania. Symbolikken ligg i at den langvegsfarande trioen hadde med seg gåver til Jesusbarnet.
Her i landet er det altså ein vanleg kvardag, men det har ikkje alltid vore slik, ifølgje forskingsmagasinet Forskning.no.
Det er snart 300 år sidan at den dansk-norske kongen Christian 7 i 1770 skreiv under på ei ny reform, kalla festdagsreduksjonen. Denne reforma fjerna ti heilagdagar, og årsaka var at dagane ikkje vart brukt til å dyrke Gud, men til «lediggang og laster».
Kva med kyndelsmesse?
Ved sida av minnedagen for dei heilage tre kongane, eller vismennene, 6. januar, var det også fleire andre fridagar som vart fjerna i denne reforma. Vi kan nemne kyndelsmesse 2. februar, Maria bodskapsdag 25. mars, tredje påskedag, tredje pinsedag, jonsok 24. juni, Maria besøkelsesdag 2. juli, mikkelsmesse 29. september, allehelgensdag 1. november og tredje juledag 27. desember.
I tillegg fjerna kongen takkefesten for slutten på den store brannen i København i 1728, 23. oktober.
Joar Haga er professor i kyrkjehistorie ved VID vitskaplege høgskule. For å forstå kvifor heilagdagane vart fjerna, meiner han det er naudsynt å gå tilbake til korleis dei vart innførte.
Lågtid og høgtid
– I religiøs praksis skil ein mellom lågtid og høgtid. Det er ei tid for arbeid og ei tid for kvile. Då keisar Konstantin innførte kristendomen som statsreligion i Romarriket, var han nøye med å innføre forskjellar på dagane, seier Haga til forskingsmagasinet.
Det var Konstantin som i år 321 sytte for at søndagen vart offentleg kviledag. Men mange kristne var skeptiske til at det skulle vere arbeidsfri den dagen. Dei såg at mange brukte dagen til anna enn kvile og religiøs andakt, fortel han.
Nye heilagdagar
I takt med at den kristne kulturen utvikla seg, kom det nye heilagdagar. Året vart organisert i ein fast syklus med høgtider og heilagdagar. Heilagdagane kom til Noreg med innføringa av kristendomen på 1000-talet. Søndag vart kviledag, og vi fekk jul, påske og pinse.
I tillegg fekk vi mange dagar til ære for ulike helgenar. Mest kjend i dag er jonsok, som blir feira til minne og døyparen Johannes.
– Med reformasjonen i år 1536 vart nesten alle heilagdagane avskaffa som heilagdagar. Unntaket var dagane som kunne knytast til Det nye testamentet. Helgendagane vart samla i ein dag, allehelgensdag, forklarar Haga.
Han fortel at forbodet mot å jobbe på søndagar kom her i landet alt på 1000-talet. Christian VI tok også heilagdagsfri eit steg vidare. På 1730-talet innførte han kyrkjetvang i Danmark-Noreg. Det var påbod om å møte til gudsteneste på både søndagar og andre heilagdagar.
Halvering
I 1770 hadde Christian 7. teke over trona. Kyrkjetvang var ikkje nok, og han ville halvere talet på heilagdagar.
Dersom heilagdagane vart misbrukte, kunne ein like gjerne ta dei bort, meinte han.
Men ifølgje Joar Haga var det ikkje berre åndelege årsaker til reduksjonen av fridagar, som ikkje vart sagt høgt, nemleg pengar.
– Med opplysingstida kom nye ideal om produktivitet. Om folk jobba fleire dagar, kunne ein tene meir pengar, forklarar han.