nyhende

Skyss
Det vil koste Vestland fylkeskommune litt over ein halv million kroner å legge Haugesund inn i same takstsone som Sveio.

«Sveiotakst» vil koste ein halv million

Det vi koste Vestland fylkeskommune litt over ein halv million kroner i året å legge Haugesund og Sveio i same takstsone for buss. Spørsmålet om det skal skje kjem opp i eiga sak for fylkespolitikarane i mars.

Publisert Sist oppdatert

Det er klart etter at Trude Brosvik (KrF), etter innspel frå Jarle Jacobsen i Sveio Krf, tok opp spørsmålet om det er mogeleg å lage ei spesialordning for Sveio i eit skriftleg spørsmål i forkant av møtet i hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylke onsdag.

— Krevjande å vere grensekommune

Brosvik viste til at KrF har blitt kontakta fleire gonger av innbyggarar i Sveio om at dei ønskjer at Haugesund skal vere ein del av takstsona dei høyrer til. Dette grunngjeve med at er mange som deltek i fritidsaktivitetar der.

— Dette var også noko som vart trekt fram då Sveio hadde folkerøysting om kva fylke dei skulle høyre til, og har stor lokal interesse. Det er ofte krevjande å vere ein grensekommune, og med Haugesund som nabokommune er det naturleg at ein del av reisene for dei som bur i Sveio går dit, peikar ho på.

Vil koste 540.000

I svaret ho fekk går det fram at nokre bussar i regi av Skyss køyrer linjer som går inn i andre fylker. For desse tilfella er det laga støttesoner utanfor Hordaland. 3 støttesoner er oppretta C1 (Haugesund), D2 (Geilo) og E1 (Vik). Støttesonene vert prisa som vanlege soner dersom reisa er på to soner eller kortare. Dersom reisa er på tre soner eller meir, kjem det eit fast påslag i tillegg til vanleg sonepris.

— Dagens billetteringløysingar har ikkje støtte for ei særordning som berre dreier seg om strekninga Sveio – Haugesund. Dersom innbyggarar i Sveio skal kunna reisa til Haugesund utan sonetillegg må støttesone C1 avviklast og Haugesund inkluderast i sone C. Dette vil i så fall innebera mindre tilpassingar i dei tekniske løysningar for sal, som billett-app, nettbutikken og om bord-løysning, heiter det i svaret.

Når det gjeld kostnaden for lage ei særordning for Sveio blir det vist til at det i siste normalår før covud-19, så var omsetninga på billettar til/frå Haugesund på om lag 1,5 millionar kroner.

— Det er estimert at omsetninga ville ha vore om lag 960.000 kroner dersom Haugesund hadde vore inkludert i C. Det betyr ein kostnad i form av inntektstap på omlag 540.000 kroner, heiter det i svaret.

Kravde eiga sak

I møtet onsdag fremja Brosvik (KrF) krav om at spørsmålet skal kome opp som ei eiga sak i utvalet i neste møte, som finn stad 22. mars.

Det krev ein tredjedels fleirtal for å fremje ei eiga sak for utvalet. I røystinga var det 13 av 15 utvalsmedlemmar som røysta for KrF sitt forslag.

Berre Framstegspartiet røysta mot. Frank Willy Juvik (Frp) argumenterte med at det ikkje var naudsynt å leggje spørsmålet fram som eiga sak, då det økonomiske var gjort greie for.@

I denne saka har ein nok opplysningar til å fremje det som ei sak i samband med budsjett-revideringar, peika Frank Willy Juvik (Frp) på.

Brosvik sa seg samd med samd med Frp-representanten i saka at ikkje treng noko stor utgreiing, men poengterte at Juvik i andre saker har vore opptatt av likebehandling, og at ho difor ønskjer å løfte opp Sveio-problemstillinga spesielt.

— Det er noko med å få den fulle vurderinga av kva ei slik sak betyr, og difor vil eg ha det i ei eiga sak, sa ho.

Slik røysta utval i spørsmålet om fremje ei eiga sak om å legge Haugesund inn i takstsone for Sveio til handsaming i neste møte, som finn stad 22. mars:

Ja: Ap (4), Høgre (3), Sp (2), SV (1), Krf (1) MDG (1) og Uavhengig (1).

Nei: Frp (2)

Powered by Labrador CMS