nyhende

Sveio Mållag er særs nøgde med årets Sveiokalender. Frå venstre Rune Hjelmeseter, Ole Jacob Ravn Ottesen og Jorun Skåden. Foto: Privat
Sveio Mållag er særs nøgde med årets Sveiokalender. Frå venstre Rune Hjelmeseter, Ole Jacob Ravn Ottesen og Jorun Skåden.

Sveiokalenderen med bilde og dikt for 2026

Med lokale bilde og dikt frå 9.klassingar, er ein rykande fersk Sveiokalender frå trykkeriet klar for sal. Inntekta går til Sveio Mållag sitt arbeid.

Publisert Sist oppdatert

Kalenderen er bygd på lokale bidrag. Bilda er innsende motiv frå heile kommunen, og dikta er skrivne av elevar på 9. trinn. Ei jury frå styret i Sveio mållag har stått for utvalet.

Tysdag 2. desember får elevar frå 9. klasse ved Sveio skule utdelt kalendrane, og kjem til å dra rundt i bygdene og selja den. Kjem dei ikkje til di dør, eller du ikkje er heime, blir den også lagt ut for sal i fleire lokale butikkar neste veke.

Ønsker fleire med på laget

Leiar i Sveio mållag, Ole Jacob Ravn Ottesen, håper mange vil ta godt imot ungdommane når dei kjem på døra og støtta det lokale mållagsarbeidet.

Sveio mållag har i dag kring 50 medlemmar, og ønsker fleire med på laget. Mållaget arbeider for å styrka nynorsk skriftkultur og det lokale språkmiljøet, og står jamleg bak ulike arrangement, skriv dei i ei pressemelding.

I år har laget mellom anna arrangert to kulturkveldar på Kaien i Førde. Først med besøk av Åsmund Nordstoga, og deretter Egil Haugland og Kjersti Berge, som delte musikk og fortalde om handverket bak gitarbygging.

Ein smakebit

Her er ein smakebit på tekstane med desemberdiktet for 2026:

Desember
Kulda bit
Og det er kaldt
Men
Inni oss er det varmt
I desember

Alva Eline Skeie, 9C

Powered by Labrador CMS