nyhende

Sveiobygde «Nyfalken» har vore på sjøen i 72 år

Mangfaldige dugnadstimar er lagt ned for å få «Nyfalken» til å sjå så flott ut som ho er i dag. Sveio Kystlag har likevel ingen planar om å stoppa arbeidet på den 50 fot lange skøyta frå Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Båten frå 1952 ligg no til kai ved Liereid. I alt blei det laga 10 like skøyter på båtbyggjeriet til Ola og Knut Lindås nokre åretak lenger ut i bukta. «Nyfalken» var den sjette som stod ferdig, men er no den einaste som står igjen.

– Hadde det ikkje vore for at ho er herifrå, så hadde me nok aldri kjøpt ho, innrømmer Terje Lier, styremedlem i Sveio Kystlag.

Då dei henta båten frå Ølensvåg i 2007, stod det verre til med skøyta enn dei hadde trudd. Dei 35.000 kronene i innkjøpspris er for småpengar å rekna samanlikna med utlegga til omfattande utskifting av øydelagd trevirke. Arbeid som takk vere støtte frå gåvefond, stiftingar og inntekter frå eigne arrangement, har blitt utført av Ryfylke trebåtbyggeri på Finnøy.

Aldri ferdig

Sjølv om styrehus, dekk, spantatoppar og vinsj er tatt hand om, så er arbeidet med skuta langt frå ferdig. No står det mellom anna att å innreia lugarar og bysse, noko Kystlaget skal gjera på dugnad, i tillegg til årleg vedlikehald, sjølvsagt.

Skuta er på slipp for å vaskast og smørast kvart år, og det er mykje som skal pussast og malast. Medlemmane av Sveio Kystlag blir med andre ord ikkje arbeidsledige med det første.

– Me ønskjer å ta vare på båten for framtida, visa ho fram så folk får sjå kva som har blitt bygd i Sveio, seier Lier.

Bruksbåt

Mange skuleklassar, lag og foreiningar har tinga tur med båten, som opphaveleg var bygd til brugdefangst, opp gjennom åra. Eivind Eriksen (28) hugsar godt då han som elev i 8. klasse var med «Nyfalken» på tokt og på besøk på Kysttunet kor kystlaget har museum i heile kjellaren. No er Eriksen utdanna styrmann og har sitt daglege virke til sjøs. Han har også blitt med i styret i Sveio Kystlag.

– Eg er nok litt arveleg belasta når det kjem til sjø, sjøfart og kystkultur. Mange i familien har jobba på sjøen og eg blei tatt med på Kysttunet frå eg var liten, smiler Eriksen

På tur heim frå Havnedagane i Haugesund eit år minnest Eriksen at «Nyfalken» fór forbi dei fleste på veg heim. Båten gjer heile 11,2 knop og er lett å handtera. Når dei er ute på betalte oppdrag, brukar dei å vera eit mannskap på to.

Kystkultur

Leiar i Sveio Kystlag, Kristian Wathne (40), understrekar at Kystlaget er opptatt av alt som særpregar livet langs kysten og at aktivitetane i laget er varierte. Gamle Eikeland skule har blitt til Kysttunet, og her møtest medlemmer og nysgjerrige kvar onsdag frå 18.00-21.00.

Sveio Kystlag har fire faste arrangement årleg. Ein torskemiddag på våren, St. Hans-feiring, kvalgryte i september og kvalbiff nærmare jul. Det er også tradisjon for å vera med på Havnedagane i Haugesund. I år hadde Kystlaget med seg meir enn 1.500 heimelaga nordlandskaker i tillegg til kvalkjøt og sjølvprodusert tørrsild.

Powered by Labrador CMS