nyhende

Bernhard Endseth Nerland, leiar i Sveio Venstre, seier lokallaget har vorte for lite til å halda fram som før – og at det no trengst nye krefter dersom partiet skal stilla liste til kommunevalet i 2027.

Sveio Venstre vedtok nedlegging – ber om nye folk

Fem stemmeføre støtta nedlegging av lokallaget, men leiaren ber no nye krefter melda seg for å redde Venstre før kommunevalet i 2027.

Publisert

På årsmøtet i Sveio Venstre vart det røysta over eit framlegg om å oppløyse lokallaget. Dei fem stemmeføre som møtte, røysta samrøystes for oppløysing.

– Ingenting er hogge i stein. Framlegget er ikkje gyldig før det blir stemt over ein gong til, seier lokallagsleiar Bernhard Endseth Nerland.

Venstre sine vedtekter krev nemleg at ei oppløysing også må stadfestast på nytt på årsmøtet året etter, med minst to tredels fleirtal.

Bygd seg opp over tid

Nerland seier han la fram framlegget på sakslista fordi situasjonen i lokallaget har utvikla seg i same retning over fleire år.

– Dette handlar om ein trend over tid. Det er ikkje dramatikk internt. Me som sit i styret, går godt overeins og har vore engasjerte, seier han.

Han peikar likevel på ei hovudutfordring:

– Me er få som er engasjerte. Medlemsmassen er låg, og det er vanskeleg å rekruttera nye.

Ifølgje årsmøtereferatet har lokallaget no sju betalande medlemmar, mot ni året før.

Fall ut av kommunestyret i 2019

Sveio Venstre hadde éin representant i kommunestyret etter valet i 2015, men mista plassen i 2019. Sidan då har partiet stått utan representasjon.

– Når ein har vore ute av kommunestyret i to periodar, er det utruleg vanskeleg å koma seg inn att, seier Nerland.

Ved kommunevalet i 2019 fekk Venstre 2,4 prosent i Sveio, og i 2023 fekk partiet 2,7 prosent. Nerland meiner rekrutteringa blir påverka av at Venstre er mindre synleg i konkurransen med dei større partia, og at nedgangen også heng saman med utviklinga nasjonalt.

Han peikar særleg på tida etter stortingsvalet i 2017, då Venstre gjekk inn i regjeringssamarbeid med Frp.

– Då mista Venstre både nasjonalt og lokalt mange medlemmar. Også i Sveio var det fleire som trekte seg ut, og dei har me ikkje fått tilbake, seier Nerland.

– Me er slitne

Nerland melde seg sjølv inn i Venstre i 2018. Han fortel at lokallaget på den tida hadde lite aktivitet, og at folk med verv etter kvart fall frå.

– Eg hadde lyst til å driva laget vidare, men me vart veldig få. Med jobb, familie og avgrensa tid vart det vanskeleg å driva valkamp og setja seg inn i alt, seier han.

Han seier innsatsen har kosta, og at det tærer når resultata uteblir.

– Me som har vore med, er slitne. Når ein endar opp med ingenting etter å ha lagt ned ein stor innsats, er det demotiverande, seier han.

Nerland, som sjølv stod på topp for Venstre i 2019, seier han hadde stor tru på at partiet skulle lukkast ved siste kommuneval i 2023, då Ruth Vihovde Strand stod øvst på lista.

Verken Ruth Vihovde Strand (nestleiar) eller Bernhard Endseth Nerland (leiar) klarte å koma inn i kommunestyret i Sveio, trass i at dei begge stod øvst på Venstre-lista ved kvart sitt val.

– Eg var heilt sikker på at me skulle få henne inn. Det var knusande at det ikkje gjekk, seier han.

Vil ikkje toppe lista i 2027

Lokallagsleiaren håpar framleis at Venstre kan stilla liste i Sveio ved kommunevalet i 2027, men seier det krev nye krefter.

– Eg håpar me kan stilla liste, men det blir ikkje med verken meg eller Ruth Vihovde Strand på topp. Me kan bidra, men me er ikkje dei som kjem til å dra det lasset vidare, seier Nerland.

Han seier det er heilt avgjerande at fleire melder seg på.

– Ein må i alle fall få inn nye folk. Minst éin, men den personen må òg ha nokon å dra i lag med. Me har snakka om at me helst ønskjer to til tre nye engasjerte, seier han.

– Utan nye folk blir det inga liste i 2027, legg Nerland til.

Eit nederlag

Lokallaget har diskutert moglegheita for listesamarbeid, men Nerland seier dei ikkje ser det som ei god løysing.

– Då blir politikken vår utvatna og nedprioritert. Det skal vera venstrepolitikk, ikkje noko anna, seier han.

For Nerland kjennest prosessen også personleg.

– Eg tek det personleg og kjenner på eit nederlag. Eg har ikkje lyst til at Venstre skal forsvinna frå Sveio. Men slik det er no, er det ikkje berekraftig å driva vidare, avsluttar lokallagsleiaren.

Powered by Labrador CMS