nyhende

Vilhelm Viksøy minneste med glede oppveksten i Sveio.
Vilhelm Viksøy minneste med glede oppveksten i Sveio.

– Sveio var ein trygg og god plass å veksa opp

Vekas «Hei, sveibu!» er no busett i Stavanger.

Publisert Sist oppdatert
– Kva gjer du til dagleg?
– Kva gjer du til dagleg?

Hei, sveibu!

Namn: Vilhelm Viksøy

Alder: 51 år

Bustad: Stavanger, oppvaksen på Tveit i Sveio.

– Eg arbeidar med med journalistikk og informasjon i Indremisjonsforbundet (IMF), blant anna for bladet Sambåndet. Om kort tid går eg over i ny jobb for Kirkens SOS i Stavanger. Der får eg ansvar for innsamlingsarbeid og for rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar.

– Kva er det beste med å vera sveibu?

– Når eg tenkjer på oppveksten min: Sveio var ein trygg og god plass å veksa opp. Landleg, men samstundes sentralt. Og «alle» kjende kvarandre. Det var ein positiv verdi, slik eg opplevde det.

– Er det noko du saknar i Sveio?

– Nå er Sveio for meg først og fremst ein ferieplass. Då saknar eg ikkje noko. Tvert imot, her er mykje fin natur å ferdast i. Sist sommar hadde me for eksempel ei storsamling med søsken og familiar på Vigdarheim. Me padla i Vigdarvatnet og viste borna våre badeplassane som me brukte då me var små.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?

– Det må vera foreiningslivet og alle dei vaksne frivillige som stilte opp for oss, viste oss tillit og gav oss fridom til lå utvikla oss. Eg var aktiv både innan friidrett og i bedehusmiljøet.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

– Det er lenge sidan eg budde i Sveio. Avstanden er blitt for stor, og eg har ikkje følgt godt nok med til å svara på dette spørsmålet på ståande fot. Eg skulle nok ha vore ein flittigare lesar av Vestavind…

Powered by Labrador CMS