nyhende
Sveio under snittet, men talet på arbeidsledige auka i januar
NAV registrerte 1,3 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland i januar. Det er ein auke på 100 heilt ledige personar i høve desember månad, og 37 fleire enn januar i 2023.
For Sveio er dei tilsvarande tala 28 heilt ledige i januar, ein auke på 4 frå desember 2023. Men det er ein nedgang på 5 samanlikna med januar 2023.
Reknar ein om i prosent blir det 1,0 prosent heilt ledige i januar 2024 og 1,2 prosent i januar 2023. I snitt var 1,0 prosent heilt ledige i Sveio i 2023. Månadane med færrast heilt ledige i kommunen i fjor var oktober, november og desember.
Vanleg med auke i januar
I heile Vestland var 6.630 personar, eller 1,9 prosent, av arbeidsstyrken heilt ledige i januar. Landssnittet er 2,1 prosent.
– Arbeidsløysa aukar i januar. Auken i Sunnhordland ser me mellom anna via fleire permitterte, til dømes i fiskeforedlingsindustrien. Samstundes er det normale sesongvariasjonar å legga til grunn. Det er alltid ein stor oppgang frå desember til januar, og mykje skuldast forhold i bransjar som er sesongutsette, saman med fleire midlertidige stillingar som går ut desember, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
662 utlyste stillingar
I same periode registrerer NAV 662 utlyste stillingar i Sunnhordland, som nesten er på nivå med rekordmånadane januar og februar i 2022, skriv dei i ei pressemelding.
– Det er normalt ein del fleire tilgjengeleg stillingar i arbeidsmarknaden i januar enn mange andre månadar. Noko av dette skuldast at lærlingstillingar og enkelte sommarjobbar allereie no vert lyst ut. Likevel ser me mange utlyste stillingar no, der hovuddelen (255) er i helse, pleie og omsorg, seier Lægreid.
Må senka krava
NAV ser at arbeidsløysa vil kunna stiga noko i 2024, men trur det framleis vil vera gode høve for å inkludera fleire i arbeidslivet, gitt behovet som er i arbeidsmarknaden.
– Me er glade for det gode samarbeidet me har med arbeidsgjevarane i regionen. Basert på mellom anna næringsforeiningane si eiga medlemsundersøking, samt eigne interne rapportar, trur me likevel det er rom for å samarbeida med enda fleire. Me er opptekne av å heva kompetansen til dei som i dag ikkje møter krava i arbeidsmarknaden, men ser også at verksemdene kan ha mykje å henta på å senka krava i sine utlysingar. Me er tilgjengeleg for å samtala nærare kring korleis ein kan gjere dette, seier Lægreid.