nyhende
Sveio tok poeng på bortebane
Sveio skusla vekk ei tremålsleiing, men tok likevel årets første poeng i 6. divisjon måndag kveld.
Sveio IL hadde mykje å rette på etter å ha tapt 12-0 borte mot Ølen i serieopninga. Og at dei raudkledde var innstilte på å rette opp inntrykket var det liten tvil om då dei entra matta til årets andre kamp. Også den på bortebane, no mot Trott 2 som på si side hadde to sigrar i lomma og eitt tap før kveldens match.
Tok leiinga
Det var Sveio som tok kommandoen frå start. Erik Sydnes fekk ballen i mål etter berre sju minuttar, og då Mikal Fransson sette to mål til før pause såg det lyst ut for Sveio-laget.
Men i andre omgang var det Trott som vakna og slo tilbake. Med tre mål til heimelaget dei siste 45, og ingen til Sveio i den omgangen, vart det poengdeling mellom laga. Like fullt eit resultat som bør få tilbake optimismen hos Sveio framfor kampane som ventar.
Heimekamp i neste runde
Sveio tar imot Sauda onsdag 11. mai, i det som blir årets første heimekamp.
Resultat, 6. divisjon menn:
Måndag 2. mai:
Trott 2 – Sveio 3-3
Sauda – Falkeid 0-4
Ølen – Djerv 1919 3, 4-2
Vard 3 – Stegaberg 2, 2-7
Torsdag 28. april:
Falkeid – Trott 2, 5-2
- Moster og Rubbestadnes 2 har trekt laga frå seriespel.