nyhende

Mikael Fransson scora sitt tredje mål for året borte mot Falkeid. Men heimelaget vann til slutt.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Mikael Fransson scora sitt tredje mål for året borte mot Falkeid. Men heimelaget vann til slutt.

Sveio tapte knepent mot topplag

Sveio IL sine herrar held fram med å tape poeng i jamne kampar.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

Fotball, 6. div. herrar

Tysværvåg gras, 19. mai

Falkeid IL – Sveio IL 3-2 (2-2)

Mål: 0-1 Mikal Fransson (5. min.) 1-1 Fredrik Kallekodt Svendsen (7. min.) 1-2 Adam Musaev (14. min.) 2-2 Svendsen (27. min.) 3-2 Edvin Ljostveit Reiersen (80. min.)

Gule kort: Halvor Sausjord Bjelland, Thorstein Kirkeleit, begge Sveio. Edvin Ljostveit Reiersen, Falkeid.

Dommar: Kjetil Eide, Djerv 1919

FALKEID – SVEIO 3-2 (2-2): Sveio IL jaktar sin første siger i årets 6. divisjon. Torsdag kveld måtte dei på ny sjå både siger og poeng glippe i eit tett oppgjer.

Tett og dramatisk

Denne gongen var det på Tysværvåg gras at heimelaget Falkeid vart for sterke. Det til tross for at Sveio var i leiinga to gonger i første omgang, etter scoringar av Mikal Fransson og Adam Musaev.

Det var tidvis ein dramatisk kamp, ifølgje Tysvær Bygdeblad. Som då Falkeid fekk eit straffespark på stillinga 1-2. Sveio-målvakt Halvor Sausjord Bjelland redda straffa, og ballen vart klarert til hjørnespark for Falkeid. Hjørnesparket vart slått, og heimelaget sin Fredrik Svendsen stanga ballen i mål.

Eit langskot frå om lag 20 meter av heimelaget sin Edvind Ljostveit Reiersen ti minuttar før slutt sikra Falkeid, som er ein av favorittane til å vinne 6. divisjon, sin tredje strake siger.

Nest sist

Sveio står framleis med berre 2 poeng etter sine første fire kampar og ligg nest sist på tabellen i 6. divisjon.

Neste kamp er heime mot Torvastad 2 onsdag 1. juni.

Tabellen, 6. div avd. 4:

Powered by Labrador CMS