nyhende

Konstituert rådmann Ingunn Toft seier prognosen er sju millionar kroner i underskot for Sveio i år.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Konstituert rådmann Ingunn Toft seier prognosen er sju millionar kroner i underskot for Sveio i år.

Sveio styrer mot stort underskot – og 2023-budsjettet blir stramt

Rådmann Ingunn Toft varslar om stram økonomi framover for Sveio. Kommunen vil mellom anna heva terskelen for å få sjukeheimsplass. — Det er ein krevjande situasjon, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

På kommunestyremøtet måndag kveld presenterte konstituert rådmann Ingunn Toft og økonomisjef Peter Olav Lura deira framlegg til budsjett for Sveio kommune neste år.

Dei trur Sveio går ein trongare tid i møte, mellom anna grunna prisstigning, lønsauke og straumutgifter.

— Eg trur det blir ei krevjande økonomisk tid. Noko me ikkje har sett på mange år, seier Toft.

Stor usikkerheit

Slik summerer ho den kommunale økonomien i åra som ligg føre i Sveio:

— Det er stor usikkerheit, seier ho.

Det var noko ho gjentok fleire gong under møtet måndag kveld.

Noko av det som er usikkert for inneverande år, er kor mykje av Sveio kommune sine korona-utgifter staten kjem til å dekkje.

Måndag kveld var kommunestyret samla for å handsame fleire saker, og verte orientert om framlegg til budsjett.

Rådmannen legg til grunn at dei vil dekke om lag 3,4 millionar kroner, men då er det framleis 4,6 millionar som står att.

— Går kommunen med over eller underskot?

— Til neste år har me lagt inn eit overskot på 2,2 millionar kroner. I år har me prognose på eit underskot, seier Toft.

Prognosen for 2022 er eit underskot på 7,1 millionar kroner.

Uventa auke skapar problem

Eit uventa problem har vore ein kraftigare løns- og prisstigning enn venta. Kommunen trudde i desember 2021 det ville vere om lag 2,7 prosent for noverande år. Men, det kan enda på opp til 6,3 prosent.

— Det vil utgjere om lag 13,6 millionar kroner. Det vert ikkje kompensert av staten, korkje i 2022 eller 2023, seier Toft.

Økonomisjef Peter Olav Lura forklarar at det også heng saman med nye oppgåver dei er pålagde frå staten.

— Til dømes gratis kjernetid i SFO. Samstundes har staten bomma på rammeoverføring frå stat til kommune. Den har ikkje følgd pris- og lønsvekst, poengterer Lura.

Økonomisjef Peter Olav Lura orienterte kommunestyret og svara på spørsmål.

Dette gjer at Sveio må sjølv dekkje over dei manglande midlane, noko som krympar det økonomiske handlingsrommet.

— Staten har praksis for å ikkje korrigere, enten om dei gjev for mykje eller for lite, seier han.

Færre sjukeheimsplassar?

Eit av punkta som Toft tok opp var endringane som ligg i vente for Sveio og korleis det vil påverke samfunnet.

— Det vil kome ein vekst i tal på eldre, og det vil kome ein reduksjon i talet på barn. Dette vil utfordre strukturen i tenesteproduksjonen, samt kva investeringar som må prioriterast, seier ho.

Rådmannen trur den noverande økonomien situasjonen tilsei at ein kan ha 33 bebuarar på Sveio omsorgssenter. Den siste det vore om lag 40 brukarar der.

Representant frå Høgre, Mikal Møller Hovda, stilte spørsmål rundt eldreomsorg på møtet.

Då må ein enten auke terskelen for å å få plass, eller den økonomiske ramma.

— Skal me halde budsjettet med dei 4,5 millionar kronene så er me avhengig av at me må heve terskelen noko for å få sjukeheimsplass, seier Toft.

Men, rådmannen understrekar at det skal vere i tråd med reglane.

— Det skal vere både etter lova og etter kva som er forsvarleg, seier ho.

Powered by Labrador CMS