nyhende
Sveio-siger på sjette forsøket
Sveio-herrane har venta lenge på årets første siger. Då den først satt, small det skikkeleg på stadion.
Mens hovudtrenar Henrik Grasdal Larsen var blant dei 45.000 som sette av onsdagskvelden til Guns N´Roses-konsert i Stavanger, var det vikartrenar Anders Tendeland som hadde vel så stor grunn til å nynne på Los Angeles-bandet sin hit «It´s so easy».
SVEIO – STEGABERG 2, 8-1:
For makan til siger er det lenge sidan Sveio IL har bokført.
— Ja, Henrik skal få høyre om dette, ler Tendeland når Vestavind snakka med han torsdag føremiddag.
Sydnes skåra fem
Sveio sto nemleg utan sigrar på dei fem første kampane i 6. divisjon, og spelarane var tydeleg svoltne på å gjere noko med den statistikken. Då hærførar Erik Sydnes scora hat-trick i første omgang, og ikkje gav seg før han hadde skåra fem mål, var det aldri tvil om kor poenga skulle enda denne gongen.
Tendeland er glad for at heimvendte Erik Sydnes (26) viste seg fram som målskårar igjen. Sveibuen, som har fleire sesongar bak seg mellom anna i 3. divisjon for Vard Haugesund, returnerte til moderklubben i fjor, og sytte for mange Sveio-mål då.
— Han går lett forbi tre-fire mann på banen. Og er ein utmerkt lagspelar. Men no har me oppmoda han til å vere litt meire «ego» og avslutte meir sjølv, og det gjorde han jo til gangs nå, seier han.
Tendeland legg til at han meiner at Erik Sydnes er altfor god til å spele i 6. divisjon.
— Difor er med glad så lenge han vil spele for oss, seier han.
Og straks er også ein annan offensiv spelar tilbake i Sveio. Øyvind Kirkeleit har meldt overgang frå Djerv 1919, og vil ifølgje Tendeland vere ein fin tilvekst.
På veg oppover
Med sigeren klatra Sveio frå 9. til 8. plass på tabellen. Allereie måndag ventar ein ny kamp for Sveio, og då er det ei tøff nøtt som skal knekkast når dei reiser til Åsebøen stadion på Karmøy for å spele mot serieleiar Kopervik 2. Karmøybuane står med full pott etter sine første sju kampar.
— Men me spelte uavgjort mot dei i fjor, peikar Tendeland på. Og det er ingen tvil om at Sveio har vore særs uheldige i fleire kampar i år. Mange poeng har ramla ut av lomma på tampen av kampar dei har hatt alle mogelegheiter til å vinne.
— Eg meiner tabellen lyg litt, og at det ikkje finst lag i denne serien som Sveio ikkje kan slå. Så får me sjå korleis det går på mandag, seier Tendeland.
Det var tredje kampen i år at Anders Tendeland leia laget. Han vart skada i første kamp i år, og har bidrege på sidelinja etterpå. Og av seks Sveio-poeng hittil, kan Tendeland bokføre 5. Men det er ikkje snakk om noko trenarbyte, forsikrar han.
— Hehe, nei eg reknar no med at Henrik vil halde fram, seier Tendeland.