nyhende
ILLUSTRASJONSFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Sveio set av to dagar til dei som ønsker oppfriskingsdose
Sveio kommune set av to dagar i desember for å tilby oppfriskingsdose av koronavaksinen.
Bakgrunnen er at regjeringa no har gitt mogelegheit for at personar i aldersgruppa 18-64 kan få ei fjerde dose av koronavaksinen, for dei som sjølv ønsker dette.
Kommunen opnar for drop-in på Sveio soknehus mellom klokka 12 og 15 torsdag 8. desember og tysdag 13. desember, melder kommunen på si nettside.
Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio kommune i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986, er på nynorsk og har papirutgåve ein gong i veka. Vestavind arbeider etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten sine retningslinjer for god presseskikk.
Det er ikkje tillatt å kopiera frå denne sida eller legga ut skjermdump av artiklane til Vestavind. Me gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.